Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Elektronisk tilgang til sjukehusjournal

Pasientjournal

All pasientbehandling skal dokumenterast i ein pasientjournal. Pasientar i Helse Bergen over 16 år har tilgang til sjukehusjournalen sin på nett. Det viktigaste journalsystemet vi nyttar heiter DIPS Arena.

Elektronisk tilgang til sjukehusjournal

Tilgang til journalen blir gitt gjennom sikker pålogging via den nasjonale helseportalen helsenorge.no

Med elektronisk tilgang til sjukehusjournalen er det enklare for pasientar å vere delaktige i eiga helse og eiga behandling.

Foreldre og føresette kan sjå journalen til eigne barn under 12 år. Vi gjer merksam på at det tar tre dagar før elektronisk mottatte tilvisingar og godkjente journaldokument for barn blir synlege på nett.

Les meir om digitalt innsyn i din pasientjournal

Pasienten har rett til å få kopi av journalen sin. Dersom du ønskjer kopi av journalen din må du fylle ut følgjande skjema:

Førespurnad om utskrift/kopi av pasientjournal (helsenorge.no) 

Kopi av journalen din blir sendt deg med vanleg post.

Opplysningar via e-p​​ost

Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post. Vi har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende kopi frå pasientjournalen din på e-post.

Dersom innhaldet i e-posten er av ein slik art at det må handterast som ei eiga sak, vil e-posten bli lagt inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår. Saksbehandlinga skjer ikkje alltid raskare sjølv om saka er sendt via e-post.

​ 

All pasientbehandling skal dokumenterast i ein pasientjournal. Pasienten har rett til å be om retting og/eller sletting i journalen sin.

​Dersom du ønskjer å rette og/eller slette noko i journalen din må du fylle ut følgande skjema: 

Krav om retting/sletting i pasientjournal (pdf)

Kravet skal sendast til:

Helse Bergen HF 
Haukeland universitetssjukehus 
Drift/teknisk divisjon
Dokumentasjonsavdelinga 
Postboks 1400 
5021 Bergen

 

Opplysningar via e-post

Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post, men eposten må innehalde fullt namn og adresse. Vi har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende kopi frå pasientjournalen din på e-post.

Dersom innhaldet i e-posten er av ein slik art at det må handterast som ei eiga sak, vil e-posten bli registrert og saksbehandla i saksarkivet. Saksbehandlinga skjer ikkje alltid raskare sjølv om saka er sendt via e-post.

​Sperring for innsyn i elektronisk pasientjournal

Du kan be om å få sperra heile eller deler av den elektroniske pasientjournalen din etter pasient- og brukerrettighetsloven § 5-3.

Last ned skjema for krav om sperring av elektronisk pasientjournal:

Skjema for krav om sperring av elektronisk pasientjournal (pdf)​

​Send utfylt skjema til:

Helse Bergen HF
Dokumentasjonsavdelinga
Postboks 1400
5021 Bergen

Du kan be om å få utskrift av logg som viser kven som har hatt tilgang til den elektroniske pasientjournalen din. 

Elektronisk skjema for krav om innsynslogg

Informasjonsside om pasientjournal og rett til innsyn

Elektronisk skjema for begrunnelse for journaloppslag

 

Ein slik førespurnad skal vere skriftleg og må innehalde følgande opplysningar:

​Namn
Adresse
Fødselsnummer (11 siffer)
Periode for utskrift (dato frå - til)

Det vil ikkje gå fram av pasientjournalen at ein pasient har fått utskrift av loggen.

​Send den skriftlege førespurnaden til:
Helse Bergen HF
Dokumentasjonsavdelinga
Postboks 1400
5021 Bergen

Kva får pasienten ikkje sjå på nett?
Her finn du oversikt over dokument som førebels ikkje vil vere tilgjengelege for pasienten på nett via https://helsenorge.no/min-helse.

Lista vil endre seg etterkvart som ein får avklart det juridiske og faglege rundt kvart dokument. Det gjeld til dømes:

‐         Psykologiske testar​
‐         Rettspsykiatriske dokument
‐         Laboratoriesvar/prøvesvar frå andre fagsystem, som blir automatisk godkjent ved import i DIPS
‐         Miljønotat innan psykisk helsevern
‐         Diverse dokument frå psykisk helsevern barn
‐         Komparentopplysningar

 

I tillegg har behandlar moglegheit til å nekte pasienten innsyn i journaldokument, jamfør Pasient- og brukerrettighetsloven § 5-1.

Helsenorge

På helsenorge.no finn du kvalitetssikra og oppdatert informasjon om helse, livsstil, sjukdom, behandling og rettar. Her kan du óg logge inn og bruke ulike helserelaterte tenester på nett.
Gå til helsenorge.no
Skjermbilde av forsiden til helsenorge.no med informasjon om tjenester og log in.
Sist oppdatert 07.06.2023