Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

TOPS - Tidleg oppdaging av psykose

TOPS er eit lavterskeltilbod for alle som er bekymra for at ein sjølv, vener eller familie er i ferd med å utvikle ei alvorleg psykisk liding. Når unge blir uvanleg tause - har dei som regel noko å fortelje.

 

Tidlege teikn på psykose

  • Isolerer seg frå familie og venner
  • Søv dårleg
  • Er svært trist
  • Har vanskeleg for å konsentrere seg
  • Er redd for å gå ut av huset
  • Forsømer hygiene, jobb eller skule
  • Er ekstremt oppteken av tema som død, politikk eller religion
  • Har store humørsvingingar
  • Høyrer stemmer
  • Snakkar usamanhengande
  • Ser ting som andre ikkje ser

Ring oss på 55 95 85 85 eller kontakt oss på facebook, så får du vite kva du skal gjere vidare.

 

 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 09:00 - 15:00
  • Tysdag 09:00 - 15:00
  • Onsdag 09:00 - 15:00
  • Torsdag 09:00 - 15:00
  • Fredag 09:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Du kan ringe anonymt om du ønsker dette. Du kan også legge igjen ein beskjed utanom desse tidene, så tar vi kontakt så raskt som mogleg - og seinast innan to arbeidsdagar.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

TOPS, Psykiatrisk klinikk i Sandviken. Vi held til i bygg 9 ved parkeringsplassen. Eigen inngang til høgre for hovudinngangen, det står «TOPS» på ringeklokka.

Sjukehuset i Sandviken

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

​Samtlege nordgåande rutebussar går forbi sjukehuset i Sandviken. Busstoppet heiter ​Gamle Bergen.

Reiseplanleggar på Skyss si nettside

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Kva er psykose og korleis behandlar vi det?

Er du bekymra for at nokon har ein psykose eller er i psykoserisiko? Alle kan ringe til oss for hjelp - det vere seg ungdomen sjølv, vener, familie, helsesøster, fastlege, lærarar, rådgivarar, PPT og andre.
Les meir om TOPS-tilbodet
En gruppe kvinner som smiler