Lungekreft (Cancer Pulm) 

 

 Kategoriar

 Diagnosar

Utgreiing og medisinsk behandling (cellegift) skjer i dag primært ved Lungeavdelinga, som har opparbeidd ein stab med god kompetanse på lungekreftbehandling

Førebuing
Dei fleste pasientar som ikkje alt er innlagt på sjukehuset vil få time ved Kreftavdelinga sin poliklinikk i forkant av innstilling av strålefelta. Ein vil då få informasjon om planlagt opplegg, og legen vil kunne vurdere om det bestilte opplegget for stråling er fornuftig, og eventuelt gjere endringar ved behov. Under er eit eksempel på eit strålefelt mot ein svulst i høgre lunge sin overlapp stilt inn direkte på simulator.

 



























Ein del pasientar vil få behandling etter ein doseplan (databasert planlegging av strålefelt), og for dette må det bli gjort ei CT-undersøking ei veke før innstilling av strålefelt. Denne undersøkinga er eit hjelpemiddel for planlegging av strålebehandlinga, og vil ikkje bli brukt til diagnostikk eller bli vurdert av røntgenlege. Under er eit døme på doseplanlagt behandling der det blir gitt fleire strålefelt mot svulsten med sikkerheitsmargin som er teikna inn på CT-biletet. Stråledosen er angitt i ein fargeskala (blå = lav dose, raud = høg dose)



Les meir om behandling av lungekreft


Publisert 24.01.2011 15:06 | Endret 26.01.2011 10:14 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo