Ei vanleg gynekologisk undersøking med vaginal ultralyd blir gjort på gynekologisk poliklinikk før diagnosen er gitt. Her blir det og tatt celleprøver frå livmorhals og livmora, og eventuelt vil det seinare bli gjort ei undersøking i narkose kor ein tar fleire prøver frå vev i livmora. Dette vert gjort som ei utskraping av innhaldet, og litt av slimhinnene, i livmora.
Hos dei kvinnene der det er stor mistanke om, eller der det er påvist anna ondarta sjukdom, vil ein oftast gjere fleire undersøkingar. Det blir teke blodprøver, og kvinnene går gjennom fleire røntgenundersøkingar.
Publisert
01.06.2010 17:12 |
Endret
06.06.2010 20:46