Dei pasientane som på grunn av sin helsetilstand treng behandlinga mest, skal prioriterast først og får status som rettigheitspasientar.
Rettigheitspasientane får ein frist (dato) for når utgreiinga/behandlinga seinast skal starte. Fristen vert sett ut frå ei individuell medisinsk-fagleg vurdering av kor alvorleg tilstanden til pasienten er og mogleg nytte av behandling.
Barn og unge under 23 år med psykisk liding eller som er rusavhengige, skal ikkje ha lenger frist enn 65 virkedagar for oppstart av utgreiing/behandling.
Dei pasientane som har trong for helsehjelp i spesialisthelsetenesta, men som ikkje er rettigheitspasientar (uprioriterte), får opplyst omtrentleg ventetid, men ingen bindande tidsfrist. Oppstart vil då avhenge av kapasiteten i spesialisthelsetenesta.
Alle pasientar som blir tilvist til spesialisthelsetenesta skal i brev få opplyst om dei har rett til nødvendig helsehjelp eller ikkje og eventuell frist.
Publisert
24.05.2010 20:18 |
Endret
25.10.2011 09:58