Reservasjon mot forsking på eige biologisk materiale 

 

Som pasient har du moglegheit til å reservere deg mot forsking på eige biologisk materiale som er samla inn i  helsetenesta.

For meir informasjon sjå Folkehelseinstituttet sine sider om Reservasjonsregisteret og Reservasjon mot bruk av biologisk materiale til forsking.

REK kan godkjenne forsking på biologisk materiale (prøvar) som blir tatt i helsetenesta utan at pasienten blir bedt om samtykkje. Det gjeld studiar der ein meiner at forskinga er av vesentleg interesse for samfunnet og at omsynet til deltakaren si velferd og integritet er ivaretatt.
Som pasient har du rett til å reservere deg mot dette ved å fylle ut og sende inn eit eige skjema. Skjemaet kan du laste ned hos Reservasjonsregisteret og sende til "Nasjonalt folkehelseinstitutt, Reservasjonsregisteret, Kalfarveien 31, 5018 Bergen".



Publisert 25.05.2012 10:06 | Endret 25.05.2012 10:09 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo