Pasientreiser 

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Det er helseføretaket som har ansvaret for pasientreiser og som dekker utgiftene knytt til reisa. 

Rettane dine
Hovudregelen er at du får dekt rimeligaste reisemåte til og frå næraste behandlingsstad. Merk at krav om å få dekt utgifter til pasientreise må sendast inn seinast 6 månader etter at reisa var gjort. På www.pasientreiser.no kan du laste ned reiserekningsskjema og lese om utfylling og innsending. Reiserekningsskjema får du også hos den du har vore til behandling hos.

Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke rutegåande transport, kan du ha rett på rekvisisjon til drosje. Det er behandlaren din som kan skrive ut rekvisisjon.
Manglar det rutegåande transporttilbod på strekninga, kan du ha rett på å få dekt dyrare transport. Les meir om rettane dine med og utan rekvisisjon på www.pasientreiser.no

05515 - eit felles telefonnummer for å bestille pasientreiser i heile landet
På 05515 kan du få informasjon og hjelp i forbindelse med ei pasientreise. Vi hjelper deg å planlegge reisa, fylle ut reiserekningsskjema, gir informasjon om reiseoppgjer eller kan skaffe deg rekvisisjon på strekningar der det manglar rutegåande tilbod.

Pasientreise med rekvisisjon i Helse Bergen
Skal du reise med rekvisisjon, må reisa godkjennast i forkant. Før du ringer for å bestille reise, må du ha fått rekvisisjon.


1. Du må ha rekvisisjon før du reiser
Dersom du reiser utan å få dette avklart på førehand, må du betale for reisa sjølv og eventuelt søke refusjon i etterkant.
• Har du behov for rekvisisjon av helsemessige årsaker – ta kontakt med behandlaren din.
• Har du behov for rekvisisjon fordi det manglar rutegåande tilbod på strekninga - ta kontakt med Avdeling for pasientreiser på 05515

2. Bestill reisa på 05515
Reise med rekvisisjon skal bestillast hos Avdeling for pasientreiser på 05515.
Bestill reisa di til behandling i god tid og seinast klokka 13.00 virkedagen før reisedagen. Gjeld det flyreise, skal du bestille så snart du mottar innkallinga.

Behandlaren din kan bestille reisa for deg. Dette må du i så fall avklare med  behandlaren din på førehand.

I tilfeller der reisa ikkje er planlagt, f eks til legevakta, vil bestilling skje rett før avreise. Dersom 05515 er ubemanna i dette tidsrommet, kan behandlere med tilgang til eRekvisisjon bestille reisa for deg direkte. Har du fått en papirrekvisisjon, kan du kontakte lokal drosjesentral med avtale.

3. Endre eller avbestille reise
Du som pasient har ansvar for å avbestille dersom du ikkje skal reise likevel.
Ring oss på 05515 mandag - fredag kl 07.00-17.00.



Bruk av Privat bil
På same måte som med ei reise med rekvisisjon, må bruk av privat bil også godkjennast av behandlar eller Avdeling for pasientreiser på førehand. Reiserekningsskjema skal sendast inn saman med dokumentasjon på godkjenning. Utgiftene blir da dekt etter gjeldande satsar.
Les meir om satsane under Rettigheter på www.pasientreiser.no

 Siste nytt

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo