Verdisaker 

 
Sjukehuset har ikkje forsikringsordningar som dekkjer tap av pasientar sine personlege ting. Vi råder deg derfor til å la verdisakene liggje att heime.
 

Verdipose blir nytta til oppbevaring av pasientane sine verdisaker 
Sjukehuset bruker verdiposar til oppbevaring for kontantar og verdisaker som pasientane har med til sjukehuset. Verdiposen er ein A4-pose i plast med sikringslukking som ikkje kan opnast utan å setje spor, og har eit eige registreringsnummer.

 

Trygg oppbevaring ved akutt innlegging

Verdiposen blir brukt til deponering av kontantar/ verdisaker som akutt innlagde pasientar har med seg. Den blir brukt når bankdeponering eller overlevering til pårørande ikkje er eit aktuelt alternativ.

Verdiposar med innhald verd kr 10 000 eller lågare skal følgje pasienten til den avdelinga/ posten som vedkomande skal vere på. Dersom verdien er på meir enn kr 10 000 skal den leverast til Sikkerheit og bli oppbevart i safe der.

Når verdiposen blir tatt i bruk, skal ein eller to av personalet fylle ut eit registreringsskjema saman med pasienten. Dersom pasienten er bevisstlaus skal det vere to av personalet som gjer dette.  Verdiposen sitt nummer blir skrive på skjemaet som blir signert av pasienten og to av personalet.

 

 

Kvar pasient skal berre ha ein verdipose.

Kontantar/ verdisaker blir lagt i posen, og ein kopi av registreringsskjema blir lagt i lomma til verdiposen. Både pasienten og mottakande avdeling får kvar sin kopi av registreringsskjemaet.

Verdiposen blir oppbevart på ein sikker stad i avdelinga.

Dersom pasienten ønskjer å ta ut sine verdiar frå posen, kontrollerer pasienten først at posen er heil og at posenummeret stemmer med kvitteringa. Dersom pasienten berre tar ut delar av innhaldet i verdiposen, og ønskjer fortsatt deponering av resten, må ein bruke ny verdipose og nytt registreringsskjema.

 

Ta med minst muleg av verdisaker

Elektive pasientar er på førehand oppfordra til ikkje å ta med seg kontantar/ verdisaker under sjukehusopphaldet. Dersom dei likevel har verdisaker med seg bør elektive pasientar overlevere desse til pårørande, deponere pengar i DnB, eller sende verdisakene heim i posten. Bruk av verdipose for oppbevaring av kontantar/ verdisaker som tilhøyrer elektive pasientar bør berre skje unntaksvis.

 

Ansvarsforhold

Den avdelinga som bruker og oppbevarer verdipose for pasientane sine, har også ansvar for verdiane som er deponert i posen.

Sikkerheitsavdelinga har ansvar for verdiposar med innhald som er verd over kr. 10 000 og som blir oppbevart i Sikkerheit sin safe.

 

Flytting til ny post
Når pasienten flyttar frå ei avdeling til ei anna, skal den avdelinga/ posten som pasienten kjem til kontrollere at verdiposen ikkje er opna, og at posen sitt nummer stemmer.


Publisert 22.04.2010 15:03 | Endret 27.08.2010 12:59 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo