- Det er eit gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehuset som du kan kople deg til frå nettlesaren din.
Det er tilgang til telefon ved alle pasientsenger i dei somatiske avdelingane. Ein treng telefonkort for å bruke telefonen.
Telefonkortet kan kjøpast i automatar på sjukehuset. I tillegg kan ein kjøpe telefonkortet i Narvesenkioskane i Sentralblokka og på Kvinneklinikken. Det er informasjonsbrosjyrar ved utsalsstadene med bruksrettleiing, brukarstøtteinformasjon og komplett prisliste.
Takstar på utgåande trafikk: Pris pr. minutt
| Innanlands: kl.08:00 – 18:00 |
kr. 0,43,- |
| Innanlands: kl.18:00 – 08:00 |
kr. 0,27,- |
| Mobil |
kr. 2,64,- |
| Danmark, til fastnett |
kr. 0,74,- |
| Sverige, til fastnett |
kr. 0,90,- |
| Finland, til fastnett |
kr. 0,90,- |
I tillegg kjem starttakst på kr. 2,40,- pr. samtale.
Kvar telefon er merkt med eit 5-sifra internnummer. Dette nummeret må pasienten opplyse om til dei pårørande, dersom han/ho ønskjer å ta i mot samtalar under sjukehusopphaldet.
Telefonane kan brukast til å ringje ut frå sjukehuset heile døgnet, men er stengt for innkomne samtalar i tidsrommet kl. 22.00 til kl. 07.00.
Innkomne samtaler blir ruta via "tostegs innval". Hovudnummeret til pasienttelefonane er 820 34 500. Når ein kjem fram til 820 34 500 får ein lest opp følgjande melding:
"Velkommen til pasienttelefonsystemet på Haukeland universitetssjukehus. Tenesta er open mellom klokka 07:00 og 22:00 og kostar 3 kroner og 27 øre pr. minutt"
Når du får ny summetone, slå då inn ønska pasienttelefonnummer og vent på svar. Tenesta blir belasta telefonrekninga di frå du blir sett over.
Bruksrettleiing for pasienttelefon og kortdispenser:
Utgåande samtalar frå Solitaire 500:
1. Løft telefonrøyret og trekk kortet
2. Vent på ny summetone
3. Slå telefonnummeret og vent på svar
4. For å avslutte samtalen, legg på!
Interne samtalar:
1. Løft telefonrøyret
2. Slå internnummeret og vent på svar
3. For å avslutte samtalen, legg på!
Inngåande samtalar:
1. Løft av telefonrøyret
Bruk av dispenser (fungerer som ein cola-automat)
1. Legg på eksakt beløp
2. Når displayet viser f. eks. "50", trykk på grøn knapp, og telefonkortet kjem ut.
Publisert
22.06.2010 13:11 |
Endret
29.05.2012 09:59