Pasienttelefonar 

 
 

Alle pasientsenger ved somatiske avdelingar har tilgang til pasienttelefonar som kan brukast med telekort.

Telekortet kan kjøpast i 15 kortdispenserar (automatar) som er plasserte rundt på sjukehuset sitt område. I tillegg kan ein kjøpe telefonkortet i Narvesenkioskane i Sentralblokka og på Kvinneklinikken.

Takstar på utgåande trafikk (pris per minutt)
Starttakst  kr 0,99
Norgestakst  kr 0,49
Mobil        kr 1,89

Inngåande takstar er vanleg Norgestakst
Kvar telefon er merka med eit 8-sifra telefonnummer. Dette nummeret må pasienten opplyse om til sine pårørande dersom vedkommande ønskjer å ta imot samtalar under sjukehusopphaldet.

Telefonane kan brukast til å ringje ut frå sjukehuset heile døgnet, men er stengt for innringing frå kl. 21.00 til kl. 08.00.


Publisert 19.05.2010 16:03 | Endret 27.08.2010 12:44 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo