Kafeteriaen
I 3. etasje i Sentralblokken ligg det ein stor kafeteria som er open for alle. Her finn du eit breitt tilbod av produkt, blant anna ferdig påsmurt, bakverk, kaker, kuvertpålegg, frukt, salatbar, eigen varmdisk og dagens middag. Du kan kjøpe middag kvar dag frå kl. 12.00. Kvar torsdag serverer vi til dømes raspeballar, eit populært tilbod både blant tilsette og andre besøkande.
Opningstider
Måndag til fredag: 07.30 - 18.00
Laurdag og søndag: 11.00 - 18.00
Café Foajé
Cafe Foajé ligg i 0. etasje i Sentralblokken, på same plan som hovudinngangane. Her finst eit stort utval i påsmurte produkt, bakerivarer og kaffimat, og dagleg har vi ein enkel varmrett.
Opningstider
Måndag til fredag: 08.30 - 15.30
Laurdag og søndag: stengt
|
| Foto: Colourbox |
Matservering for pasientar på avdelingane
Kjøkkenet tilbyr til dagleg to menyval. I tillegg finst det eigen ønskjekostmeny for pasientar som ønskjer annan mat. Diettkjøkkenet vårt tilbyr alle typar diettar og spesialkost. Menyane våre blir utarbeidd i samarbeid med eit eige brukarutval.
Matservering for pasientar på avdelingane har følgjande tidspunkt:
Frukost: 08.00 - 09.00
Lunsj: 12.00 - 13.00
Middag: 16.00 - 17.00
Kveldsmat: 20.00 - 21.00
Publisert
02.06.2010 15:42 |
Endret
19.04.2013 13:13