Læring og meistringssenter  

Alle helseføretak skal ha eit lærings- og meistringssenter. Sentra er etablert for å gje eit betre læringstilbod til personar som lever med kroniske sjukdommar eller funksjonshemming og deira pårørande. Gjennom samarbeid med brukarorganisasjonar og helsepersonell skal lærings- og meistringssentra bidra til betre helse og livskvalitet.

For personar med kronisk sjukdom er god opplæring og meistring av sjukdomen like viktig som medisinsk behandling. Helsepersonell har fagkompetanse, mens erfarne brukarar – pasientar og pårørande – har viktig kunnskap om korleis det er å meistre sjukdommen i kvardagen. For å skape gode læringstilbod, er det vesentleg at helsepersonell og erfarne brukarar samarbeider om planlegging, gjennomføring og evaluering av kursa.

Lov om spesialisthelsetenesta slår fast at opplæring av pasientar og pårørande er ei av sjukehuset sine fire hovudoppgåver.

 Relaterte nyheiter

 Relaterte aktivitetar

 Relaterte lenker

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo