Svangerskapsavbrot/ Planlagt abort 

 
Lov om svangerskapsavbrot gir kvinna rett til å bestemme om ho vil avbryte eller fullføre svangerskapet innan utgangen av tolvte veke. Viss kvinna vil avbryte svangerskapet, må eit skjema for krav om abort fyllast ut hos lege etter undersøking, og inngrepet blir utført på sjukehuset.
Av Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus
 

Å velje abort
Å bestemme seg for abort kan vere vanskeleg. For å vere mest muleg sikker på det valet ein tar er det nyttig å snakke med nokon om dette. Undersøkingar viser at dei fleste som er i ein slik situasjon diskuterer saka med partnar, vener eller familie. Personar som kjenner ein og som ein har tillit til vil ofte vere dei beste samtalepartnarane.

Legen kan gi informasjon om den støtta samfunnet kan gi. Det kan hjelpe deg å ta i mot slik informasjon. Du kan også snakke med helsesøster eller jordmor. Det finnast private organisasjonar som gir tilbod og rettleiing til kvinner som vurderer abort. Amathea er ein slik organisasjon. Den får betydelig støtte frå det offentlige.  Link-Amathea

Etter ein abort kan du kjenne alt frå lette til sorg. Dei fleste får ingen alvorlege psykiske reaksjonar etter ein abort, men hjå nokre kan det skje. Dei som har vore usikre i valet, har kjent seg pressa av andre til å ta abort, eller har hatt psykiske problem tidlegare har lettast for å få psykiske reaksjonar. Desse kan være skuldfølelse, at ein klandrar seg sjølv, eller sorg. Det går an å sørgje sjølv om det er du sjølv som har tatt valet og valet opplevast som rett. For dei fleste vil det hjelpe å snakke med sine næraste. Du kan også snakke med legen din i samband med svangerskapsavbrotet. Dersom du har behov for det kan legen tilvise deg til psykolog eller andre som kan arbeide saman med deg.

 Kategoriar

 Behandlingar



Publisert 16.05.2010 21:17 | Endret 22.06.2010 15:33 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo