Angst 

 
Angst er eit naturleg og nødvendig signal om fare og gjer at kroppen og sinnet raskt førebur seg på å møte ei utfordring eller ein trussel. Hjartet slår raskare, og pusten går fortare, noko som tilfører meir oksygen til muskulaturen, slik at du kan springe fortare eller slåst betre i ein flukt- eller kampsituasjon.
 

Også aktsemda blir skjerpt for at ein skal kunne oppdage farar raskast mogleg. Det opplever ein ofte som ein spent tilstand. Den naturlege angsten kan gjere at du yter ditt beste til ein eksamen, eller han kan gjere deg så konsentrert at du rekk å slengje bilen til side og unngå ein kollisjon.
Kanskje er du ein av dei som stadig opplever angst i kvardagen. Angsten murrar og er litt ubehageleg, men han plagar deg ikkje alvorleg eller gjer at du fungerer dårleg. Denne typen angst er ofte eit signal om at noko er gale med livssituasjonen din, eller at du lever under stort press. I så fall er det på tide å gjere noko, anten på eiga hand eller med hjelp frå andre.

Angsten bør behandlast dersom han blir for sterk eller langvarig, eller dersom han kjem utan at det eigentleg er fare på ferde. Slik angst gjer at du føler sterkt ubehag eller fungerer dårleg i kvardagen.

Les meir om angst



Publisert 02.06.2010 13:52 | Endret 02.06.2010 14:05 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo