For å tilfredsstille krava til AD/HD-diagnose skal symptoma på merksemds- og konsentrasjonsvanskar, impulsivitet og hyperaktivitet ha vart over lengre tid, vist seg i ulike situasjonar og skapt store problem for personen og/eller omgivnadene.
Liknande symptom kan vere ein del av andre tilstandar. Mange med AD/HD har tilleggsvanskar, til dømes åtferdsproblem eller lærevanskar. Nokre barn har merksemdsforstyrringar utan påfallande impulsivitet og hyperaktivitet. Dei kan ha AD/HD av uoppmerksam type, tidlegare kalla ADD.
Det er først og fremst foreldra, helsestasjonen, barnehagen eller skulen som oppdagar teikn på AD/HD hos barn og unge, og dei bør, dersom dei er urolege, seie ifrå til fastlege eller pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Barnet kan tilvisast vidare til psykisk helsevern for barn og ungdom (BUP) eller barnelege, som etter grundige undersøkingar kan setje ein diagnose.
Les meir om AD/HD