Helse Bergen ønskjer å involvere brukarane og gi dei moglegheit til å delta i utforminga av tenestetilbodet. Dialog og samhandling med representantar for brukarane er særs viktig for utvikling av tenestene.
Brukerutvalet er pasientane sitt rådgivande organ ovanfor Helse Bergen.

Foto: Colourbox
|
Hensikta med utvalet er å sikre at pasientane kjem til orde i saker som påverkar helsetenestene, samtidig som helseforetaket får viktige innspel frå brukarane av tenestene. Det er etablert brukarutval i alle helseføretaka i Helse Vest.
Det er viktig at pasientane kan delta aktivt i eigen behandling og rehabilitering, og det føreset blant anna forståeleg og tilgjengeleg informasjon.
I tillegg til resultata frå ulike pasienterfaringsundersøkingar er samarbeid mellom brukarorganisasjonar og det regionale helseføretaket avgjerande for å vidareutvikle helsetenestene i regionen. Helse Vest RHF samarbeider med brukar- og pasientorganisasjonane gjennom det regionale brukarutvalet. Dette er eit rådgivande organ for Helse Vest RHF og eit samarbeidsforum mellom Helse Vest og brukarorganisasjonane.
Som ansvarleg instans for spesialisthelsetenesta i Helse Vest RHF, gir Helse Vest RHF kvart år støtte til brukarorganisasjonar.
Brukarorganisasjonane driv eit viktig arbeid overfor medlemmene sine, og set i verk tiltak for medlemmene som kanskje elles ikkje ville bli utført. Dei driv òg eit viktig helseopplysingsarbeid for innbyggjarane. Helse Vest RHF tildeler kvart år midlar til brukarorganisasjonar.