Sterilisering av kvinner blir utført på sjukehus og privatklinikkar. Dette er eit inngrep som kvinna sjølv betaler for.
Inngrepet er ei alvorlig avgjerd og gir for alltid tap av fruktbarheit. Dette egner seg for kvinner som er hundre prosent sikre på at dei ikkje ønskjer seg fleire barn, og som har problem med anna form for prevensjon. Inngrepet er sikkert og har ingen biverknader utover dei ein finn for einkvar kikholsoperasjon. Inngrepet er rekna som hundre prosent sikkert, men også ved denne metoden kan det i sjeldne tilfelle skje svikt.
Menstruasjon og hormonproduksjon blir ikkje påverka av eit steriliseringsinngrep.
Kvinna må ta kontakt med lege for å få sendt inn søknad om å få utført sterilisering, og ho vil deretter bli satt på ei venteliste. Før inngrepet kan bli gjort, må ho skrive under på eit krav om sterilisering. Dette kan bli gjort hos fastlegen, eller ved oppmøte på Kvinneklinikken for journalopptak. Link til begjæringssøknad/infoskriv.
Som regel får kvinna time til journalopptak og undersøking nokre veker før inngrepet skal gjennomførast, og deretter får ho tid til sjølve operasjonen - som blir gjennomført som dagkirurgisk inngrep. Det betyr at ho kan møte fastande om morgonen, bli operert, og deretter reise heim om ettermiddagen/ kvelden same dag.
Alvorlege komplikasjonar (skade på indre organ som blodkar/ tarm og urinblære) er svært sjeldne. Nokre får sårinfeksjon i hud. Kvinna kan forvente seg litt smerter i nokre dagar etter operasjonen, minkande for kvar dag som går. Dette er som regel skuldersmerter og smerter i mellomgolvet, forårsaka av CO2-gassen som blir brukt under operasjonen. Nokon får ei forbigåande temperaturstigning første kvelden og natta.
Publisert
16.05.2010 22:19 |
Endret
25.09.2012 13:38