Molluskar forsvinn som oftast av seg sjølv, men dersom utslettet blir opplevd som skjemmande kan lækjaren fjerna dei.
Det blir då brukt ei skarp skei til å skrapa bort molluskane frå huda. Dei kan også fjernast ved hjelp av frysebehandling. Dette kan vere smertefullt og i nokre tilfelle kan ein bedøve med EMLA krem (overflatebedøving) på førehand.
Det kan vere lurt å smørje med Brulidine krem etter skraping for å hindre infeksjon i huda.
Kor lenge vil molluskane være der?
Infeksjonen varer som oftast frå 6-9 månader. Hos personar med atopisk eksem eller nedsett immunforsvar kan infeksjonen vare lenger og utslettet kan bli svært utbreidd.
Er molluskar farleg?
Nei.