Hos ein del kvinner vil det bli gitt cellegift (cytostatika), i samband med planlegging av operasjon, eller etter ein operasjon. Nokre pasientar vil få cellegift og/eller strålebehandling (innvendig via skjeden, eller utvendig) som tilleggsbehandling til ei operasjon, og for nokre blir det einaste behandling dersom sjukdomsutbreiing eller krefttype tilseier det. For nokre kvinner vil det vere aktuelt med hormonbehandling, avhengig av kva for ein krefttype dei har i livmora.
Behandling avgjerast individuelt i samråd med kvinna sjølv.
Oppfølging
Vanlegvis vil det bli kontrollar hos gynekolog kvar 3. – 4. månad dei første 2 åra. Dernest kvar 6. månad det følgjande året, og så årleg til det har gått 5 år etter operasjonen. Kor hyppig kontrollane blir gjennomført og kva kontrollane skal omfatte blir planlagt ut frå utviklinga av sjukdommen og kvar einskild kvinne sin situasjon.