Leverkreft (Hepatocellulært carcinom)
Leverkreft (kreft med utgangspunkt i lever) er ein av dei vanlegaste kreftformene i verden, mens sjukdommen i Noreg er ennå sjeldan. I 2005 blei det registrert omkring 140 nye tilfelle i Noreg.
Av Kreftavdelinga, Haukeland universitetssjukehus
Spreiing av kreftsjukdom til lever frå annan kreftsjukdom er derimot svært vanleg, men blir behandla ut frå kva for eit organ kreftsjukdommen starta i. Behandling av spreiing av kreftsjukdom til levera finnast omtalt under det organet kreftsjukdommen starta i.
Kirurgi
Om sjukdommen er begrensa kan det bli gjort ein operasjon med mulegheit for å helbrede sjukdommen. Det blir då gjort anten ein levertransplantasjon (Rikshospitalet) eller så fjernar ein berre ein del av levera kirurgisk. Dessverre har mange pasientar for avansert sjukdom til å bli operert og allereie spreiing av sjukdommen ved diagnosetidspunktet.
Dersom sjukdommen har gått inn i ein uhelbredeleg fase kan det vere aktuelt med kjemoembolisering, cellegift eller strålebehandling.
Kjemoembolisering
Kjemoembolisering (TACE) er ein kombinasjon av avstenging av blodforsyninga til levera og kjemoterapi (cellegift) som blir gitt direkte i levera si blodforsyning. Internasjonalt meiner ein at 10 % av pasientane er aktuelle for kjemoembolisering. Studium har vist at kjemoembolisering gir ein overlevingsgevinst, men kan ikkje helbrede pasienten. Vanlegvis blir cellegifta doxorubicin gitt saman med emboliseringa. Aktuelle pasientar blir for tida sendt til behandling i Sverige, mens ein ventar på at behandlinga blir etablert i Noreg.
Cellegift
Det har så langt vore vanleg i Noreg å gi cellegift kvar veke med adriamycin til pasientar med uhelbredeleg sjukdom og i god allmenntilstand, for å vinne levetid og behalde livskvalitet. Cellegifta blir gitt i ei blodåre. Sorafenib (Nexavar) er eit nytt medikament som verkar både på celledeling og nydanning av blodkar ved leverkreft. Ein studie har vist at behandling med Nexavar gir ein levetidsgevinst hos pasientar med uhelbredeleg leverkreft. Nexavar blir gitt som ein tablettbehandling.
Strålebehandling
Strålebehandling kan vurderast ved lokalisert sjukdom i levera, men krev høg stråledose.
Publisert
24.01.2011 13:21 |
Endret
24.01.2011 13:43