Flatlus 

På apoteket får du kjøpt Prioderm liniment utan resept. Det kostar om lag 100 kr. Følg bruksanvisningen! Linimentet skal du vaska av etter 12 timar. Hugs å gjenta behandlinga etter 8-14 dager. Ein sjeldan gong kan lus setja seg i augebryn og vipper. Fjern i så fall desse med pinsett. Gravide skal ikkje bruka Prioderm. Små barn bør berre behandlast i samråd med lege.
 
 

Korleis kan eg unngå å bli smitta eller å smitta andre?
Kondom vernar ikkje mot flatlus. Oppsøk lege ved mistanke slik at diagnosen kan stillast og behandling kan setjast i gang. Den som får påvist flatlus skal ikkje ha sex før begge behandlingane er fullførde. Seksualpartner må få beskjed om å behandla seg.

Etterbehandling
Korleis skal eg reingjera huset for å vera sikker på at eg er kvitt lusa?
Omfattande reingjering av klede, dyne/madrass og inventar er ikkje naudsynt. Legg på reint sengetøy etter du har vaska av linimentet. Flatlus i til dømes klær vil dø ved oppvarming til 60° C i 5 minutt og ved frysing i eitt døgn.

Du kan ikkje få flatlus ved å nytta offentlege toalett, bad, dusj etc.
Katt eller andre husdyr kan ikkje få flatlus.

 Kategoriar

 Diagnose

 Blir utført ved


Publisert 02.05.2010 17:28 | Endret 02.05.2010 18:10 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo