Ekstrem svangerskapskvalme - inntil 16. svangerskapsveke 

Ekstrem svangerskapskvalme er vedvarande kvalme og oppkast som fører med seg uttørking, forstyrring i saltbalansen og tap i vekt på minst 5 % av kroppsvekta.
Av Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus
 
Dette råkar om lag 0,1-0,2 % av alle gravide.

Vi veit ikkje sikkert kva som er årsaka til ekstrem svangerskapskvalme. Ein teori går ut på at produksjonen av graviditetshormon (HCG) gir kvalme.
Andre teoriar peiker på psykisk faktor.

 Kategoriar

 Blir utført ved

Undersøking
Ultralyd og gynekologisk undersøking blir utført av lege ved frammøte. Blodprøver blir tatt, og eventuelt gjentatt dagleg.
Daglege urinprøver, - "test" for å sjå om det blir skilt ut ketonar (feittsyrer) i urinen. Registrering av vekta før graviditeten, når kvinna kjem til KK, og under opphaldet.

Behandling
Behandlingsform blir valt i kvart enkelt tilfelle:
• Ro og fred
• Kvalmestillande
• Registrering av inntak av mat og drikke dagleg
• Intravenøs væsketilførsel og av og til intravenøs næring
• Små, hyppige måltid, rike på karbohydrat
• Måling av urinmengde (til den er over 1 liter i døgnet)
• Vektkontroll (2-3 gongar i veka)
• Folinsyretablett blir anbefalt til alle gravide dei tre første månadane
• Tilskot av B-vitamin (Tiamin) dagleg
• Kontakt med ernæringsfysiolog (?) etter eige ønskje
• Nedlegging av sonde kan bli aktuelt, viss tilstoda ikkje blir betre etter 3-4 dagar. Sonden blir lagt ned til tolvfingertarmen, forbi magesekken, slik at flytande næringsløysing (sondemat) kan gjevast kontinuerleg og ikkje kastast opp. Ein kan ete og drikke ved sida av sondematen.

Etterbehandling
Nokon reiser heim etter 1-4 dagar, medan andre treng eit lengre opphald. Det er mogeleg å få sondemat med heim. Vi vil då gi opplæring i bruken av det utstyr som er nødvendig.

Det er viktig å trekkje inn dei pårørande, slik at dei kan hjelpe best mogeleg når ein kjem heim.


Publisert 04.06.2010 21:51 | Endret 11.09.2012 13:45 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo