I Helse Bergen er det 24 arbeidstakarorganisasjonar under hovudsamanslutningane Akademikerne, Unio, LO, YS og SAN. I kvar arbeidstakarorganisasjon er det avdelingstillitsvalte. Talet på avdelingstillitsvalte varierer etter kor mange medlemmar organisasjonen har i føretaket og om medlemmane jobbar på same eller mange forskjellige plassar.
Kvar arbeidstakarorganisasjon har og ein eigen føretakstillitsvalt. Han eller ho er den som representerer organisasjonen i all kontakt, drøfting og samarbeid med administrerande direktør, Personal- og organisasjonsavdelinga og anna sentral administrasjon i føretaket. Dette kan vere faste, regelmessige møte eller ad hoc møte etter behov.
Dei organisasjonane som har mange medlemmar har ei ordning kor dei føretakstillitvalte arbeider med desse oppgåvene i heil- eller deltidsstilling, tilsett og lønna av Helse Bergen. Nokre av desse føretakstillitsvalte er også løna av føretaket for å ivareta koordinering og felles sakshandsaming for sin hovudsamanslutning, til dømes for heile Unio i Helse Bergen.
Føretakstillitsvalte i Helse Bergen, pr. juni 2011:
Akademikerne - Kristin Fosheim
Den norske legeforening - Kjell Vikenes
Den norske tannlegeforening - Trond Inge Berge
Norges Juristforbund - Per Otto Svendsby
Norsk Psykologforbund - Kristin Fosheim
Samfunnsviterne - Birger Skilbrei
Siviløkonomene - Arne Skogen Lekve
Tekna - Jan Heggdal
LO - Bente Pilskog
Fagforbundet - Bente Pilskog
Fellesorganisasjonen for barnevernspedagoger - Rolf Unneland
sosionomer og vernepleiere
YS - Kirsti Hopland
Delta - Kirsti Hopland
Det norske maskinistforbund - Arne Claesson
Unio - Brita Ommedal Tarberg
Norsk Sykepleierforbund - Brita Ommedal Tarberg
Norsk Ergoterapautforbund - Laila Fondenes Taraldsen
Norsk Fysioterapautforbund - Preben Foster Andersen
Utdanningsforbundet - Bente Schouw-Hansen
Den norske kirkes presteforening - Thorbjørn Skjælaaen
Forskerforbundet -Robert Skar
Universitets- og høyskoleutdannedes Forbund - Kristine Faye
Det Norske Diakonforbund - Kristine Faye
San - Vigdis Fjeld
Den Norske Jordmorforening - Lene Alfstad Haugen
NITO - Vigdis Fjeld
Norsk Radiografforbund - Jarle Nordanger