1960-1969: Livlig byggeverksemd i påvente av det store nybygget 

Sjølv om det store nybygget skal la vente på seg føregjekk det mykje bygging på Haukeland i løpet



Dei eldste trea i sjukehushagen er truleg over 100 år gamle. Sjukehuset sin første gartnar vart tilsett i 1908, og planta desse trea i byggjeperioden.
Sjukehuset har framleis ei eiga gruppe med ansvar for uteområda.

av 1960-åra. Helsevesenet var på denne tida prega av personellmangel, særleg med omsyn til legar og sjukepleiarar. For å sikre naudsynt personell, sette derfor Haukeland i gang omfattande bustadbygging og oppretta dagheim for barn av tilsette.

1960: Ein vinnar blir kåra i arkitektkonkurransen som vart utlyst i 1959. Vinnarutkastet måtte seinare omarbeidast og først i 1983 vart den nye sentralblokka offisielt opna. 

1961: I byrjinga av september vert Øre-nese-hals-avdelingen etablert på Kvinneklinikken, saman med den nyoppretta Øyeavdelingen.

1962: Laboratorium for klinisk biokjemi vert etablert, i dag analyserer laboratoriet omkring seks millionar prøver kvart år.

1963: Bygningen for Mikrobiologi, Farmakologi og Hygiene sto ferdig, i dag vert bygget kalla Armauer Hansens hus. Dette opna for at patologisk avdeling kunne utvide si verksemd i Gamle Gade.

1967: Oppretting av Nevrokirurgisk avdeling, Psykiatrisk klinikk og avdeling for plastisk og rekonstruktiv kirurgi.

Hudavd. & Nevrologisk avd.
Hudavd. & Nevrologisk avd.
   Lungeavd
 Lungeavdelinga på 60-talet.

Sjukepleiarskulen
Sjukepleiarkullet nr. 154, 1968-1971.

AMK sentral
Første AMK sentral på gamle hovedbygg, 1967/68.

Ultralyd
Ultralyd i 60-åra.
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo