1946-1959: Haukeland blir universitetsklinikk og Barneavdelinga opnar 

Etter krigen byrja oppbygginga av det som skulle bli Universitetet i Bergen.



Gamle hovedbygg inneheldt ved innflyttinga i 1912
Kirurgisk avdeling og Medisinsk avdeling.
Arkitekt: Victor  Nordan.

Haukeland sto sentralt i dette heilt frå byrjinga og fekk i 1956 status som universitetsklinikk. Sjukehuset fekk stadig fleire avdelingar, særleg opninga av Barneklinikken i 1950 var ein viktig milepåle. 

1946: Medisinutdanninga vert lagt til Haukeland  

1947: Kong Haakon legg ned grunnsteinen til Universitetet i Bergen

1948: Oppretting av Medisinsk fakultet
  
1950: Barneklinikken blir gitt til Bergen by som frigjeringsgåve frå Sverige, ein barneklinikk vart samstundes gitt til Rikshospitalet. Barneklinikken i Bergen vart innvia av HKH Kronprinsesse Märtha 31. mai. Bergen kommune heldt middag om kvelden og statsminister Gerhardsen uttalte at ”Det er aldri reist et vakrere krigsmonument enn de monumenter svenskene har reist i form av de to barneklinikkene i Norge.” 
Kong Haakon
Kong Haakon på Haukeland

Barneklinikken
Barneklinikken i 1950


1951: Røntgenavdelinga blir utvida og den teknologiske utviklinga innanfor radiologiske fag skyt fart.

1952: Nevrologisk avdeling og Hudavdelinga vert etablert og sjukepleiarskulen får eige bygg i Ulriksdal.

1953: Sjukehuset får igjen nye sjukebilar, Mercedes denne gong. Dette året vert gamle Lungegaarden sygehus rive og 19. desember opnar Noregs første oppvakningsavdeling på Haukeland.

1954: Haukeland får sin første hypermoderne telefonsentral. Same år opnar Poliomelittinstituttet, med ein høgkompetent stab som også er ein integrert del av Nevrologisk avdeling.  

1956: Haukeland får status som universitetsklinikk. Same år blir Kvinneklinikken også organisatorisk ein del av Haukeland.

1957: Lungebygget står ferdig. Sjølv om dette var eit ledd i ein nasjonal styrking av omsorg for pasientar med tuberkulose valde ein å kalle avdelinga Lungeavdelinga, noko som viste seg å være framtidsretta sidan talet på tuberkulosetilfelle var fallande.  

1959: Behovet for vidare utviding var stort, men krigen hadde satt ein stoppar for planane. I juli 1959 gjekk det ut ein invitasjon til arkitektkonkurranse for eit nytt sjukehusbygg..


Ergoterapi - frå reisande terapeutar til moderne tenester gjennom 60 år. Sammenfatta av Bjørg Rene, Spesialergoterapeut

Les meir om Anestesi
Skrevet av Sidsel Aardal, Overlege dr. med.

HMK Kronprinsess Märtha ved innvielsen av Barneklinikken 31. mai 1950.
HMK Kronprinsess Märtha ved innvielsen av Barneklinikken 31. mai 1950.

Barneklinikken åpningen  i 1950
Åpning av Barneklinikken i 1950
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo