Frå midten av 1930-talet skjedde det store endringar på Haukeland, både i sjukehuset og som ei følgje av
endringar i samfunnet rundt. Så kom krigen, mellom anna med eksplosjonsulukka på Vågen i 1944 og bombinga av Holen skule i 1945, hendingar som påverka sjukehuset merkbart.
1935: Mikrobiologisk avdeling vart opna, dette var nok eit viktig steg i kampen mot infeksjonar og smitte.
1938: Leprasjukdom er så godt som utrydda i Noreg
1940: Invasjonen av Noreg. 18 tyske soldatar vart innlagd på Haukeland 9. april, i tillegg til 11 såra norske soldatar. Frå 16. april overtok okkupasjonsmakta 120 senger i Hovedbygningen. Ein framforhandla avtale slo fast at dei tyske såra så langt det var mogleg skulle få behandling av ein tysk lege, men at legane på sjukehuset var forplikta til å jobbe også på den tyske avdelinga. ”[D]e tyske pasienter og læger – så vel som de norske – forplikter seg til å gjøre alt for å opprettholde et godt forhold innenfor sykehuset” står det mellom anna i avtalen.
|

Post H vart brukt til å isolere og observere pasientar med uklar epidemisk sjukdom.
Seinare har huset blitt brukt til brannøvingar.
Ein planlegg no å gjere bygningen om til museum.

|
1944: Eksplosjonsulukka 20. april. Eit hollandsk ammunisjonsskip ved Festningskaien i Bergen forårsakar ein valdsam eksplosjon. Minst 70 blir drepne med ein gong og 4600 fekk skadar dei måtte ha behandling for. Kirurgisk avdeling tok i mot 117 pasientar denne dagen og utrulege 96 operasjonar vart gjennomført. Til Gades kom i alt 83 døde til identifisering og for å få fastslått dødsårsak. Dette var første gongen sjukehuset vart satt i beredskap og i følgje kjeldene fungerte alt effektivt frå første stund.
Onsdag 4. oktober 1944 gjekk britiske bombefly til angrep på den tyske ubåtbunkeren på Laksevåg. 193 sivile vart drepne, av desse var 61 barn ved Holen skole.

Bergens Tidende 11/10-1947 |

For Nordisk Kriminalteknisk Tidskrift nr. 7, 1945.
Av Erik Waaler og Torleif Kramer fra Dr. F. G. Gades
pathologisk-anatomisk laboratorium i Bergen.
|