|

«17de Januar:
Det paabegyndes indflytning av de fem første pasienter i Hovedbygningen.»
(Frå byggjekomiteen sin protokoll 1912)

|
2. januar 1912 opna Haukeland sjukehus dørene for dei første pasientane. Frå 17. januar var det nye sjukehuset i full drift, derfor reknar vi 17. januar som sjukehuset sin eigentlege bursdag.
Ei rekkje bygg vart tekne i bruk i 1912. Det som i dag vert kalla Gamle hovudbygning husa Medisinsk og Kirurgisk avdeling, medan ”Gamle Gade” husa Patologisk anatomisk laboratorium. Seinare same år sto bygningen som i dag heiter Administrasjonsbygget klar, denne heit Økonomibygget og her fanst mellom anna vaskeri og kjøkken. Epidemiavdelinga besto av to bygningar, den eine er i dag riven, og i tillegg hadde sjukehuset eit eige bygg kalla Post H. Denne bygningen vart brukt for å isolere og observere uklare epidemitilfelle, i dag er det planar om å gjere den om til museum.
Da sjukehuset opna i 1912 hadde det 250 senger og følgjande avdelingar:

Epidemisk avdeling
|
• Epidemisk avdeling
• Medisinsk avdeling
• Kirurgisk avdeling
• Patologisk anatomisk laboratorium (Dr. Med. F. G. Gades Path. Institut, seinare Gades institutt) Sjå deira jubileumsnettside
• Administrasjon, vaskeri, kjøkken, telefonsentral, portørteneste og Teknisk avdeling
I tillegg omfatta sjukehuset drifta av Lundegaardshospitalet som mottok tuberkulosepasientar og andre kronisk sjuke og Haukeland Sykehus Sykepleieskole (tidlegare Bergen Kommunale Sygepleieskole som opna formelt 1. juli 1908).
Haukeland var eit lokalsjukehus for Bergen og det var kampen mot infeksjonane som hadde hovudfokus. I opningsåret behandla Epidemisk avdeling til dømes heile 1012 difteripasientar.