– Det er rart å tenkje på kor annleis det var for mamma å vere barn på sjukehuset, samanlikna med korleis eg og mine ungar har opplevd det. 50 år er jo ikkje så lang tid, seier dottera Kjersti Lervik Øgaard (28).
Tre generasjonar
Både Elisabeth Ødegård, Kjersti Lervik Øgaard og hennar to barn, Karoline (5) og Mathias (3), er fødde med leppe-kjeve-ganespalte. Noko som har ført til at familien har brukt meir tid på Haukeland universitetssjukehus enn dei fleste gjer gjennom eit heilt liv.
– Å vere barn eller å ha barn på sjukehus er slitsamt uansett korleis du vrir og vender på det. Eg hugsar eigentleg ikkje så mykje frå då eg var der som liten, men mor har fortalt meg ein del og det er inga solskinshistorie, seier Ødegård, medan ho blir avbroten av barnebarnet:
 |
Karoline og Mathias har vore mykje på sjukehus fordi
dei er fødde med leppe-kjeve-ganespalte |
– Sjå mormor, ein klovn, ivrar treåringen og peiker på døra inn til der sjukehusklovnane held til på Barneklinikken.
– Under førre innlegging fekk Mathias besøk av klovnane like etter at han blei operert. Det gjorde inntrykk, ler mora.
Utan mor og far
For berre 50 år sidan var det lite merksemd rundt barn sine behov ved sjukehusopphald i Noreg. Den rådande haldninga var at barn hadde det best på sjukehuset utan mor og far, fordi dei hadde så lett for å gråte og blei urolege når foreldra kom og gjekk.
– Rett etter at eg fylte tre år skulle eg bli operert 18. mai. Mor og far fekk beskjed om å levere meg på Barneklinikken 16. mai, til deira og mi store fortviling. Eg var vel akkurat gammal nok til å forstå at eg ikkje fekk vere med på moroa 17. mai, fortel Ødegård.
Opphaldet varde 14 dagar, og det var ikkje berre den vesle jenta som sakna foreldra sine. Mora sakna dottera, og grein kvar dag medan dottera var aleine på sjukehuset.
- Dei fekk tilbake eit barn som hengte rundt halsen deira og ikkje slapp taket på fleire dagar. Truleg hadde det vore traumatisk, så eg er glad eg ikkje hugsar særleg av det, smiler ho.
Ei ny verd
– Det var ei heilt ny verd å komme på Barneklinikken med Kjersti då ho blei fødd. Som lita fekk ikkje eg ha foreldra mine med på sjukehuset, men med Kjersti var det forventa at vi skulle vere der både dag og natt. Det blei nesten litt i overkant, vi hadde jo ein son på to år heime som trong foreldra sine, seier Ødegård, sjølv om ho understrekar lykka over å få ta del sjukehusopphaldet til dottera.
Kjersti Lervik Øgaard minnest tida på sjukehuset i oppveksten med eit smil.
– Eg delte rom med fleire andre barn og vi måtte ete alle måltida i lag. Det var berre stas som barn, men då eg kom i tenåra kunne det vere litt meir utfordrande. Ein har gjerne litt meir behov for privatliv då, humrar ho.
- Ekstra gøy var det med så mykje besøk heile tida, eg fekk jo godteri og brev frå alle klassekameratane mine.
– Det kan verke som det gjekk frå det eine ytterpunktet til det andre, seier mor og dotter.
Englesalve
Uvitande om korleis mormor hadde det på sjukehuset då ho var lita, har
prinsesse Karoline og kong Mathias gått bananas i leiketerapirommet på Barneklinikken. Dei har sjølvsagt valt sjukepleiaruniform og legefrakk frå utkledningsstativet.
– Då eg var på sjukehuset sist, så måtte sjukepleiaren stikke meg mange gonger for ho fann ikkje blodåra mi, men det gjorde ikkje så vondt fordi dei smurte sånn englesalve på først, fortel Karoline som berre så vidt rekk å trekkje pusten før ho opplyser at sjukepleiaren fann blodåra til Mathias på første forsøk.
|
Kong Mathias boltra seg i Leiketerapien då han var på besøk på Barneklinikken.
Leiketerapien nyttar leik som behandlingsmetode, og dette kan gjere sjukehusopphald
for barn til ei mindre traumatisk oppleving |
Barn sin rett
I dag har barn ei eiga forskrift i sjukehuslova som beskriv deira rettar ved innlegging. Den stiller mellom anna krav til sjukehuset når det gjeld aktivisering av barn og samvær med pårørande.
– Verken Karoline eller Mathias har tatt skrekken av sjukehus. Då eg fortalde at vi skulle hit i dag, var det berre forventning å skimte i auga på begge to. Men det er herleg å vere her på besøk for ein gongs skuld og ikkje som pasient eller pårørande, smiler Kjersti Lervik Øgaard.