Eit tilbod til pasientar og pårørande ved somatiske avdelingar på Haukeland universitetssjukehus. Sosionomen kjenner godt til dei ulike tilboda og arbeider for å ivareta pasientar og pårørande sine behov og interesser. Sosionomtenesta er gratis.
Sosionomen kan formidle kontakt med hjelpeapparatet utanfor sjukehuset som til dømes: NAV, forvaltningseining i kommunen, bustadkontor eller forsikringsselskap.
Ta kontakt med personalet på avdelingen/poliklinikken og be om at det vert sendt ein elektronisk henvisning til sosionom.
Tema du kan drøfte med sosionomen:
• din rett til trygd
• økonomiske tilhøve
• aktuelle offentlege og private hjelpeinstansar
• tilrettelegging i høve til arbeid eller skule
• hjelp til utfylling av søknader
• hjelp til barn og foreldre
• støtte og rettar for sjuke barn
• støtte og rettar for barn som pårørande
• tilbod frå frivillige institusjonar