Senter for Søvnmedisin ved Haukeland universitetssjukehus opna i mars 2011. Senteret ligg administrativt under Lungeavdelinga, men alle dei tre fagavdelingane som i dag driv utgreiing og behandling av søvnsjukdommar; lunge- øyre-nase-hals- og nevrologi/nevrofysiologi, samarbeider om senteret. I tillegg er det knytt ein psykiater til senteret.
Senter for Søvnmedisin utgreier og behandlar alle pasientar med søvnrelaterte sjukdomar ved Haukeland Universitetssjukehus og gjev desse ei overordna einsretta utgreiing. Målet er å tilby pasientane ei best mogleg utgreiing og behandling. Ei unik samlokalisering av dei ulike fagavdelingane styrkjer kompetansen innan klinisk søvnmedisin til beste for pasientgruppa.