Vurderingsarbeidet ved Avdeling for rusmedisin er ofte unødig vanskeleg grunna utilstrekkeleg informasjon i tilvisinga.
Send tilvisingar til rus- eller avhengigheitsbehandling i Helse Bergen-området til:
Avdeling for rusmedisin
Haukeland universitetssjukehus
Postboks 1
5021 Bergen.
Ei mangelfull tilvising kan føre til forseinkingar i pasienten si behandling.
Eit minimum av informasjon er:
- Rusanamnese:
- Kor tid begynte pasienten si ruskarriere?
- Kor lenge har aktuell rusperiode gått føre seg?
- Kva typar rusmiddel bruker pasienten og i kva mengd?
- Har pasienten tidligare hatt opphald i rusinstitusjon? Når og kvar? Nytte av behandlinga?
- Sosiale tilhøve
- Positivt nettverk
Avdeling for rusmedisin har utarbeidd ein "Mal for tilvisingar" som inneheld informasjon om kva ein god tilvising bør innehalde. Aktuelle kartleggingsskjema som vedlegg til tilvisinga:
For allmennlegane kan det vere viktig å merke seg at henvisinga oftast blir mykje betre, dersom den blir skriven i samarbeide med sosialkontoret eller NAV.
Eit slikt lokalt samarbeide mellom NAV og fastlege vil også vere ein god start på førebuing av tiltak etter at pasienten har vore til behandling i spesialisthelsetenesta.
Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
Ved tilvising til Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) vert det anbefalt at ein har kontakt og samarbeid med sosialtenesta, både når det gjeld skriving av tilvisinga og når det gjeld den vidare oppfølginga og behandlinga av pasienten.
Det som skiljer tilvisingar til LAR fra andre tilvisingar er kravet til dokumentasjon av långvarig og omfattande opioidavhengigheit. Ei god rusanamnese er viktig, men dessverre ikkje tilstrekkeleg. Det må innhentast relevant dokumentasjon frå instanser som har hatt kontakt med pasienten og som kan dokumentere bruk av opiater og andre rusmiddel mange år tilbake i tid. Dette kan vere tidligare fastlegar, sjukehus, legevakt, behandlingsinstitusjonar innen tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelavhengige etc. Dess meir informasjon ein mottek, dess meir presise og forsvarlege vert vurderingseiningens vurderingar.
Anna relevant og viktig informasjon for ei heilhetleg behandling av tilvisinga er:
-
Informasjon om tidlegare behandlingserfaring innen tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Epikriser frå desse bør leggast ved. Legg merke til at Helse Bergen ikkje har tilgang til Stiftelsen Bergensklinikkenes journalsystem.
-
Sosialanamnese: Familieforhold, sosialt nettverk, arbeidserfaring, kontakt med sosialtenesta, økonomiske forhold, fengselsopphald, dommar som ikkje er sona?
-
Positive eigenskaper og ressursar hos pasienten.
-
Somatisk og psykiatrisk komorbiditet. Bruk av andre rusmiddel? Avhengigheit av andre rusmiddel?
-
Er det etablert ansvarsgruppe? Har pasienten ein individuell plan?
-
Andre tilhøve som tilviser meiner er sentrale for å få fram eit dekkande bilde av pasientens utfordringar.
Me viser og til "Nasjonal retningslinje for legemiddelassistert rehabilitering ved opioidavhengighet", for meir informasjon om henvisningsprosessen og ramene for behandling i LAR: www.helsebiblioteket.no/Retningslinjer/LAR/Forord
Prioriterer ”Raskare tilbake”
Ordninga er meint for dei som står i fare for å bli sjukemeldte, nettopp har blitt sjukemeldte eller står i fare for å miste jobben som følgje av rusmisbruk.
Denne pasientgruppa blir prioritert og treng ikkje bli tilvist Avdeling for rusmedisin. Tilvisar kan ringe ReHabiliteringsklinikken på Nordås, telefon 55 91 85 06.
Meldeplikt
Vi gjer også særskilt merksam på at helsearbeidarar som blir merksam på rusmiddelavhengige som har omsorg for born, har plikt til å sende
bekymringsmelding til Barnevernet, dersom det ligg føre tvil om omsorgsevna (Lov om helsepersonell § 10a)
Publisert
03.06.2010 13:29 |
Endret
07.10.2011 13:33