Rusbehandling eller Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) er ein del av spesialisthelsetenesta.
Behandlingstilbodet er retta mot pasienter som har problem med alkohol, narkotika, vanedannande legemiddel og speleavhengige.
Tilvising til rusbehandling kan sendast av lege eller tilsette i sosialtenesta. Du kan lese meir om tilvisingsrutiner her.
I tillegg til behandlingstilbodet i spesialisthelsetenesta har kommunane en rekke tilbod til personer med rusproblem.
Behandlingseiningar
Det meste av behandlingstilbodet i Helse Bergen sitt område blir drifta av private ideelle organisasjonar som har avtale med Helse Vest. I tillegg kjøper Helse Vest behandlingsplassar i andre delar av landet.
Du kan lese meir om dei ulike behandlingseiningane i Helse Bergen sitt område og i Helse Vest her.
Lågterskeltilbod til personer med rusproblem
Det finns og ei rekke lågterskeltilbod til personer med rusproblem. Her finn du nokre av dei:
Strax huset (Bergen Kommune)
Sjølvhjelpsgrupper (f.eks. Anonyme Alkoholikere)
For mange med eit rusmiddelproblem, vil deltaking i ei sjølvhjelpsgruppe vere til god hjelp. I hordaland har til dømes
Anonyme alkoholikere ei rekke grupper som ein kan få hjelp og støtte frå andre i same situasjon.
Lisa-gruppen er eit livssynsnøytralt gruppetilbod i regi av Human-Etisk Forbund. Du kan også lese meir om tilbodet
her.
Publisert
28.06.2010 13:00 |
Endret
15.10.2010 11:03