Psykiatrisk divisjon 


Psykisk helse angår alle. Nesten halvparten av oss vil i løpet av livet oppleva lettare eller tyngre psykiske lidingar.

Psykiatrisk divisjon skal tilby utgreiing, behandling og rehabilitering til barn, unge og vaksne som vert tilvist til ein av våre sju klinikkar.

Behandlingstilbodet omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester.

Som hovudregel får våre pasientar behandling ved eit lokalt distriktspsykiatrisk senter (vaksne) eller ved ein lokal barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. I tillegg finst eit sjukehustilbod for dei som har behov for særleg spesialiserte behandlingstilbod.

Våre sju klinikkar:





 Relevante diagnosar

 Aktuelle aktivitetar

Bergen bosenter:

• er eit tilbod for 20 utvalde menneskje som lenge har vore pasientar på sjukehuset, men som er klare for eit butilbod på kommunalt nivå. Haukeland universitetssjukehus har oppretta Bergen bosenter i påvente av at kommunen er klar til å ta imot dei.

• består av to seksjonar som er lokalisert på Knappen og Tertnes.

• Seksjon Tertnes har medleverturnus. Dei tilsette bur saman med brukarane i ei ein nøye planlagt turnus som varer opp til tre døgn. Dette gir ro og fleksibilitet, og dei tilsette blir modeller for å bu og ha ein vanleg døgnrytme. Personal- og organisasjonsavdelinga følgjer opp med ei studie for å kartleggje den nye ordninga og verknaden av denne.

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo