Seksjon Allmennpsykiatrisk døgnbehandling er ein open seksjon med 12 plasser. Vårt opptaksområde er kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.
Kontakt:
Vaktrom: Tlf. 56326610/11
Målgruppe:
Målgruppa er i hovudsak pasientar med affektive lidingar, angst, m.m. som treng kortvarig opphald for stabilisering og utgreiing.
Opphaldet skal vere tidsavgrensa og ha klar målsetjing. Pasienten skal ha ei avklart utskrivingsadresse.
Vi tek berre i mot pasientar til frivillig opphald. Pasienten kan ikkje vere aktiv suicidal eller i behov for skjerming.
Behandlingstilbod:
• Miljøterapi
• ADL kartlegging og trening
• Struktur med fokus på døgnrytme
• Medisinvurderingar
• Pasienten vil ved innlegging få tildelt eit team som består av behandlar og miljøkontaktar. Pasienten skal vere delaktig i utarbeiding av eigen behandlingsplan der det blir skissert mål for opphaldet og estimert innleggingstid.
Fysisk aktivitet
Som ein del av behandlingsopplegget blir det under innlegging gitt anledning til å delta i fysiske aktivitetar som turgåing, ballspel, symjing og økter i treningsrom/studio. Det vil vere både individuelle tilbod i seksjonen og gruppeopplegg i samarbeid med psykiatrialliansen.
Aktivitetar vil bli lagt opp slik at det skal vere mogeleg å overføre opplegget til kvardagen utanfor institusjon. Det er ønskeleg at pasienten skal kunne trene/delta på eigne aktivitetar i nærområdet sitt. Seksjonen vil leggje tilrette for dette.
Samarbeidspartnarar
For å sikre pasienten best mogeleg behandling og oppfølging blir det arbeidd for å få til eit tett samarbeid mellom sjukehus, andre seksjonar ved DPSet og kommunen.
Publisert
17.11.2011 14:15 |
Endret
06.06.2012 10:17