Seksjon Rehabiliteringspoliklinikk 

 
Rehabiliteringspoliklinikken skal gi tilbod om rehabilitering og oppfølging  for pasientar med alvorleg psykisk liding.
Opptaksområdet er kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.
 

Kontakt: tlf. 56 32 66 00

Seksjonsleder : Gerd Døskeland 

Målgruppa/ avgrensingar:
Målgruppa for Rehabiliteringspoliklinikken er pasientar over 18 år som har, eller kor det blir mistenkt at dei har, alvorleg psykisk liding som:
• schizofreni
• ulike typar psykose
• alvorleg affektiv liding
• psykosar /schizofreni med rusproblematikk
                                          
Pasientane blir søkt til Rehabiliteringspoliklinikken via tilvising frå lege.

Behandlingstilbod:
• Diagnostisering : Utgreining: f. eks. ved mistanke om schizofreni blir det teke MINI, ev. PAI og SCID, PANSS, somatisk utgreiing via fastlege, anamnese, GAF og komperentinf.
• Behandling
• Samarbeide med dei kommunale helsetenestene
• Samarbeide med aktuelle sjukehus/ institusjonar i Helse Bergen

 
Innanfor dei nemnde tilbodskategoriar vil det liggje eit individualisert behandlingsopplegg som blir justert i takt med behova til pasientane til ei kvar tid.


Publisert 08.07.2010 11:06 | Endret 21.12.2011 10:02 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo