Ambulant akutteam (AAT) 

 
Ambulant akutteam tilbyr sine tenester til den vaksne befolkninga i Øyane DPS sitt opptaksområde; kommunane Fjell, Sund, Øygarden og Askøy.
 

Målsettingane til AAT er å vere ein sentral del av akuttbehandlingskjeda og bidra til at psykiatriske akuttvurderingar i aukende grad innebær rett tiltak på rett nivå til rett tid.
På den måten skal ein sikre betre, heilskapleg og meir tilgjengeleg spesialisthelseteneste til personar i akutte psykiske krisesituasjonar gjennom rask og god tilgjengelegheit for primærhelsetenesta. AAT skal bidra til å hindre unødige og krenkande innleggingar i PAM samt redusere behovet for bruk av tvangstiltak

AAT er eit tverrfagleg team bemanna av overlege, psykologspesialistar, psykologar og psykiatrisk sjukepleiarar.

AAT har fire funksjonar:
• Poliklinisk vurdering; pasienten får ein einskild vurdering av behandlar på vakt i AAT
• Ambulerande konsultativ teneste; behandlar i AAT og psykiatrisk sjukepleiar reiser heim til pasienten for å gjere ein vurdering av pasientens hjelpebehov
• Konsultativ teneste pr. telefon; lege/ anna behandlar kan drøfte akuttpsykiatriske problemstillinger med behandlar i AAT
• Kortvarig oppfølging med nettverksarbeid; AAT kan fylgje opp med kortvarig kriseintervensjon inntil 3 veker, som ein forlenging av kontakten på AAT vakt. Oppfølginga kan skje i Øyane DPS sine lokalar og/eller heime hos pasienten. Dersom AAT vurderar behov for iverksetting/vidareføring av nettverksarbeid vil psykiatrisk sjukepleiar i teamet ha ansvaret for å bringe vidare melding om behovet for ein slik tilnærming

Kven kan tilvise til AAT:
• Fastlege/legevakt
• Vakthavande ved PAM
• Leiarar ved Øyane DPS

Psykiatritenesta kan ringe for rådføring. Eit tilsyn av AAT vil krevje at saken er drøfta med pasientens fastlege og at det føreligg skriftleg tilvisning frå denne.

Skriftleg tilvisning:
AAT set som føresetnad at fastlege/legevakt er kjent med pasientens situasjon før han tilvisast AAT. Tilvisninga skal vere skriftleg. Denne kan om naudsynt ettersendast viss tilhøva tilseier at det vil gjere det enklare for pasienten.

Vakttid:
AAT er bemanna på kvardagar kl. 08.00-15.00, og kan kontaktas på telefon 56 32 66 00.
Siste konsultasjonstime er kl. 14 kvar dag


Publisert 15.06.2010 09:49 | Endret 18.11.2012 21:42 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo