Undersøking og opptrening
Alle blir undersøkt tverrfagleg hos oss av både sjukepleiar, fysioterapeut og lege. Standardiserte spørjeskjema og testar brukar vi som regel i tillegg til den kliniske vurderinga.
Ut frå kva resultatet av undersøkingane viser, får pasienten tilbod om ulike individuelt tilpassa opptreningsprogram. Dei kan bestå av kognitiv (tankemessig) tilnærming, trening av nødvendige funksjonar eller andre arbeidsretta tiltak.
Behandlinga i Nakke- og rygg poliklinikken går føre seg i samarbeid med tilvisande lege, bedriftshelseteneste, NAV og arbeidsgivar, alt etter kva behov du har.
Nakke- og ryggpoliklinikken har et fagleg samarbeid med kirurgiske avdelingar i sjukehuset (Nevrokirurgisk avdeling, Ortopedisk klinikk, Kysthospitalet i Hagevik) dersom det kan bli snakk om operasjon.
Time på poliklinikken
De fleste som kjem til oss er yrkesaktive, men også personar under utdanning og i nokre tilfelle pensjonistar kan få time på Nakke- og ryggpoliklinikken. Ein føresetnad er at nakke eller ryggpasienten har vore sjukemeld frå to til fire månader, eventuelt har hatt hyppe, kortvarige sjukmeldingar. Pasientar med omfattande muskelsmerter kan være sjukemeld inntil 6 månader.
Unntaksvis kan sjukmelding over lengre tid hos unge menneske kvalifisere for å få time hos oss.
Tilvisinga når det gjeld elektive ryggpasientar (som ikkje har trong for akutt hjelp) sendes til: Ryggmottaket, AFMR, Haukeland universitetssjukehus, 5021 Bergen.
Legespesialistar ved AFMR vurderer og prioriterer alle tilvisingar som kjem til Ryggmottaket eller direkte til oss, og vi gir tilbakemelding til pasienten om time.
Forsking og utvikling
Nakke- og ryggpoliklinikken på Nordås er ein del av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Haukeland universitetssjukehus. Vi driv kontinuerleg forsking og har et nært samarbeid med ulike universitetsmiljø i både inn- og utland.
Publisert
22.02.2010 13:06 |
Endret