Medisinsk-teknisk avdeling vart oppretta i 1972, og er med våre 48 tilsette Noregs største i sitt slag.
Vi har seksjonar for elektromedisin, finmekanikk, operasjon/anestesi, bildeteknikk og audiologi, og har landsfunksjon for nomenklatur for medisinsk utstyr (Norsk Klassifisering, Koding og Nomenklatur (NKKN)).
Avdelinga tar hand om sjukehuset sitt medisinsk-tekniske utstyr frå innkjøp til kassasjon.
Avdelinga lager planar for utstyrsinnkjøp og har ansvaret for vedlikeholdet av utstyret.
I tillegg har avdelinga spesialfunksjon innan handtering av behandlingshjelpemiddel, landsfunksjon for nomenklatur for medisinsk utstyr og på enkelte område arbeider vi med utvikling og utprøvning av nye medisinsk-tekniske metodar og utstyr.
Medisinsk-teknisk avdeling arbeider med forpliktande avtalar om service og servicenivå med viktige brukaravdelinger.
Aktiviteten på området måltal, kvalitetsindikatorar, vedlikehalds- og økonomiplanar og oppfølging av dette har vore stor.
Vi skal gjennom nær kontakt og dialog gje brukarne avtalt service og opplæring. Avdelinga skal vere brukarne sitt førstevalg som utstyrskonsulent og vi skal ta et heilhetleg ansvar for brukarane sine behov innan bruk og håndtering av medisinsk teknologi.
Vi skal ivareta brukarne sine behov for medisinsk-teknisk utstyr og skal inneha regionen sin høygaste kompetanse innanfor våre fagfelt.
På utvalgte område skal aktiviteten være leiande i nasjonal og internasjonal samanheng.