Medisinsk avdeling tilbyr diagnostikk, behandling og pleie for pasientar med indremedisinsk sjukdom. Vi har seksjonar for blodsjukdommar, hormonsjukdommar, fordøyingssjukdommar, infeksjonssjukdommar og nyresjukdommar.
Kvar seksjon har døgnopne sengepostar, og driv også dagbehandling og ambulant verksemd ved Medisinsk poliklinikk og dageining. Om lag 90 prosent av pasientane som blir lagt inn på avdelinga har behov for hjelp straks. Det skjer ei betydeleg tilsynsverksemd ved andre avdelingar, og alle seksjonar har eigen vaktberedskap.