Frå 1863-1926 var Fødestiftinga på Rådstueplass i Bergen sentrum, bergensarane sin offentlege fødeinstitusjon. Det var og her jordmorstudentane fekk sin praktiske utdanning.
Etter ti år med planlegging og bygging blei verksemda flytta til Haukeland sykehus. Kvinneklinikken opna 22. februar 1926. I starten skulle bygget gi plass til ti fødande, 40 barselkvinner med barn (kvinnene låg lenger på sjukehuset), 20 gynekologiske pasientar og 15 infeksjonspasientar. Staben besto av 34 personer, derav ein overlege og ein underordna lege, ein overjordmor og tre underjordmødrer.
|

Kvinneklinikken 15. september 1925
|
Kvinneklinikken i 1926
Med den nye Kvinneklinikken, fekk Bergen både Fødeavdeling og Gynekologisk avdeling under same tak. I likskap med Kristiania som fekk dette 12 år tidligare, hadde byen no ein moderne og framtidsretta Kvinneklinikk med langt fleire oppgåver enn den Fødestiftinga på Rådstueplass hadde hatt.
Den aller første fødselen skjedde føremiddagen på sjølve opninga av Kvinneklinikken 22. februar 1926. Det var ein frisk og fullbåren gut som blei fødd kl. 10.45 og vegde 3430 gram.
Referanse: Børdahl, PE. At redde Mødres og Børns Liv. I: Norsk sykehusarkitektur. Fortidsminneforeningens årbok, Oslo 2000.
Første gynekologiske avdeling opnar i Bergen
Då Kvinneklinikken opna, kom og det første tilbodet om systematisk behandling av kvinnesjukdommar. Gynekologisk avdeling inneheldt sengepost, operasjonsavdeling og utstyr berekna på å behandle denne pasientgruppa. I 1972 fekk Gynekologisk avdeling eigen poliklinikk og mottaksavdeling.
Aktiviteten og behandlingstilbodet auka raskt. I dag er gynekologi ei stor og aktiv del av verksemda til Kvinneklinikken, med regionale og nasjonale behandlingstilbod og funksjoner.
| Klinikkleiarar: |
Oversjukepleiarar: |
Overjordmødrer: |
1912-1940: Lorentz Severin Petersen
1940-1966: Jørgen Løvset
1966-1979: Oddmund Koller
1980-1990: Per Bergsjø
1990-1994: Knut Dalaker
1994-1995: Torbjørn Iversen
1.7.1995-15.1.1996: Ole Erik Iversen (konstituert)
1996-1999: Sverre Stray Pedersen
15.3.1999-1.7.2000: Ole Erik Iversen (konstituert)2000-2002: Stein Tore Nilsen
2002-2010: Britt Eide
2010- : Ingrid Johanne Garnes |
1926–1927: Oline Bratshaug
1927–1939: Theoline Stornes
1939–1947: Mary Folkestad
1947–1948: Elisa Olsen
1948–1962: Hildur Hoffland
1962–1980: Torbjørg Alsaker
1980–2001: Inger Hatletvedt
2001–2010: Ingrid Johanne Garnes
2010–2011: Ingrid Økland
2011- : Linda Grung Ertzeid |
1926–1947: Anna Henriksen
1947–1968: Randi Kløvstad Raasok
1969–1976: Agnes Landsem
1976–1982: Edith Nistad (konstituert)
1982-2004: Mary Marøy
2004- : Gunn Sølva Gabrielsen
|