2010-åra 

 
 

Ingrid Johanne Garnes blir tilsett som klinikkdirektør for Kvinneklinikken 15. oktober 2010

Ingrid Johanne Garnes


27. Januar 2011: Kvinneklinikken startar pilotprosjektet «I trygge hender» som eit ledd i den nasjonale pasienttryggleikkampanjen

Kvinneklinikken blei i januar 2011, tildelt eit nasjonalt pilotprosjekt kor oppdraget var å førebyggje sårinfeksjonar etter kirurgiske inngrep.

Seksjonsleiar og operasjonssjukepleiar Aase Røine Fosse brukar sjekklista frå Trygg kirurgi i operasjonssalen på Kvinneklinikken. 

Prosjektet er ein del av den nasjonale pasienttryggleikkampanjen ”I trygge hender», som helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen opna 27. januar 2011.

Føremålet med ”I trygge hender” er å redusere talet på pasientskadar, byggje varige system for pasienttryggleik, og auke fokus på tryggleiken til pasientar i heile helsetenesta. 
 

28. november 2011 disputerte Tine Schauer Eri, for Ph. D-graden ved Universitetet i Bergen

Foto: UiB
Tine Schauer Eri blei den første jordmora som disputerte ved Det Medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen.  Avhandlinga “Labour onset and early labour: an exploration of first-time mothers’ and midwives’ experiences.”, tek for seg den fødande sitt første møte med fødeinstitusjonen. 
                      

2. november 2011 - Overlege dr.med. Katrine Woie ekspert på underlivskreft 

 
Overlege dr.med. Kathrine Woie ved Kvinneklinikken, er den første i Noreg som har blitt sertifisert som spesialist i gynekologisk kreft av European Society for Gynecologic Oncology (ESGO).

Woie er overlege ved Seksjon for gynekologisk kreft.
                                       

22. november 2011 disputerte sykepleier Ragnhild Johanne Tveit Sekse for Ph.D-grad ved Det Medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen

 
Ragnhild J. T. Sekse er forskingssjukepleiar ved Seksjon for gynekologisk kreft på Kvinneklinikken. Doktorgradsarbeidet har tatt føre seg kvinnar sine erfaringar fem og seks år etter avslutta behandling for kreft i underlivet.

Ragnhild J. T. Sekse blei den første sjukepleiaren på Kvinneklinikken som disputerte for doktorgrad. 
                                          

Kvinneklinikken blir nasjonalt behandlingssenter for fistelkirurgi

Professor dr. med Torvid Kiserud er leiar for temaet som behandlar pasientar med fistelproblematikk på Kvinneklinikken. Haukeland universitetssjukehus har nasjonalt ansvar for behandlingstilbodet til denne pasientgruppa.

 


Publisert 02.02.2012 09:10 | Endret 17.02.2012 13:30 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo