I 1980 tok Per Bergsjø (1932-2010) over for Oddmund Koller som overlege og professor
Bergsjø hadde brei klinisk utdanning, og høg vitskapeleg produksjon. I den internasjonale artikkeldatabasen Pubmed, er han oppført med 340 artiklar, og han er truleg den mest siterte gynekolog i si tid. Forutan sin vitskapelege aktivitet, har Bergsjø stått som redaktør og forfattar av fleire fagbøker. Som forskar, redaktør, forfattar av lærebøker og tidsskriftartiklar, prega Bergsjø utviklinga innan faget i Noreg. Han var mellom anna ein av pionerane innan ultralyd.
|
|
Per Bergsjø (til høgre) som nyleg tilrådd overlege, saman med forgjengarane Oddmund Koller (til venstre) og Jørgen Løvset (i midten).
|
Tilbod om epidural som smertelindring til fødande
I 1980 blei epidural valt framfor narkose ved keisarsnitt. Noen få kvinner fekk epiduralbedøving når dei skulle føde.
1980: 64 fødande fekk epidural – av desse var 315 keisersnittpasientar.
1981: 876 fødande fekk epidural – av desse var 327 keisersnittpasientar.
2010: 1638 fødande fekk epidural, det er 36,7 prosent av alle vaginale fødsler på Kvinneklinikken
Ny metode for å ta celler frå livmora blei innført. Det førte til at 1000 kvinner kvart år slapp operasjon
Etter fleire år med systematisk forsking, innførte Kvinneklinikken ei ny metode for å ta prøvar frå livmora. Kvinneklinikken var den første avdelinga i Noreg og blant dei aller første i verda som tok denne metoden i bruk.
Tidlegare måtte kvinnene leggast inn og få narkose under prøvetakinga. Ved innføringa av den nye metoden i 1980, blei prøvane tatt ved ein enkel celleprøve. Prøver frå livmora blei frå då tatt via skjeden, under utvida gynekologisk undersøking. Noko som sparte kvinnene for innlegging og narkose. Den førte til stor gevinst for sjukehuset, både økonomisk ved bruk av personalressursar.
Systematisk forsking for å individualisere kreftbehandling startar
I 1980 starta den første systematiske innsamlinga av vevsprøvar frå kvinner med underlivskreft ved Kvinneklinikken (DNA ploidi og hormonreseptorer). Dette har fått stor betyding for å kunne individualisere behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient. Forskinga har resultert i mindre bruk av strålebehandling og cellegift til kvinner som ikkje ville hatt nytte av den form for behandling. Arbeidet som starta i 1980 fortsetter.
1. november 1982: Utvikling av hormonspiralen Levonova (Mirena)
Då p-pillen kom på 1960-talet, førte det til ein ny æra innan prevensjon. Saman med spiralen hadde kvinner no fått pålitelige metodar for å unngå graviditet. Men begge metodane hadde ulemper. Østrogenkomponenten i p-pillen gav opphav til cardiovaskulære og tromboemboliske biverknader, mens spiralen forårsaka auka blødingar. Ut frå desse problemstillingane kom ideen om å kombinere dei to metodane.
I 1973 starta eit klinisk eksperiment med ein hormonfrisettande i Helsingfors i Finland. Arbeidet blei ført vidare gjennom eit felles nordisk prosjekt med legar frå fleire sjukehus, mellom anna Kvinneklinikken ved Haukeland sjukehus.
Via professor Magnar Ulstein, blei overlege dr.med. Arnt Steier, med som ansvarleg frå Noreg når det gjaldt utviklinga og utprøvinga. Prosjektet starta 1. november 1982 med eit møte i Åbo (Turku) i Finland, og fortsette dei neste åra med stadige opphald i Finland, inntil spiralen kom på markedet i Norge, mars 1994.
Spiralen skulle vise seg å bli eit sikkert - og samtidig reversibelt prevensjonsmiddel - med relativt få negative, og fleire positive biverknader.
Kvinneklinikken sin første metodebok i 1983 – var ein av dei første i Noreg
I 1983 blei arbeidsrutinar, medisinske rutinar og pleierutinar, for første gong systematisert i ein metodebok. Systematiseringa av rutinane, metodane og retningslinjene på Kvinneklinikken, gav gevinst ved at informasjonen blei lettare å finne, revidere og kvalitetssikre.
Kvinneklinikken blir den einaste fødeinstitusjonen i Bergen
Frå 1. juni 1985, blei all fødselshjelp i Bergen og områda rundt, lagt til Kvinneklinikken. Bergen hadde tidlegare fødeinstitusjonar fleire stader i byen: Fødeavdelinga ved Betanien sykehus på Kalfaret, var den siste som blei lagt ned.
Kvinneklinikken fekk regionansvar for all fødselshjelp frå 1985.
| Årstal: |
1926 |
1930 |
1940 |
1950 |
1960 |
1970 |
1980 |
1985 |
1990 |
2000 |
2010 |
| Fødslar: |
876 |
1150 |
1640 |
2913 |
3049 |
3978 |
3342 |
4053 |
4362 |
4924 |
5095 |
|
| Kvinneklinikken er den mest produktive avdelinga på Haukeland universitetssjukehus |
Seksjon for assistert befruktning blir etablert på Kvinneklinikken i 1986
Haukeland sjukehus var sist ute av regionsjukehusa i Noreg med å
etablere tilbod om prøverørsbehandling (IVF). Hausten 1986 blei det i Hordaland fylkesting fatta vedtak om å opprette ei eining som kunne tilby denne behandlinga. Det blei lyst ut stilling for seksjonsoverlege ved ein kombinert eining for IVF og PND (prenatal diagnostikk), og jordmor, bioingeniør og sekretær blei tilsett på eininga.
Det var eit krav om at eininga skulle vere sjølfinansiert med disposisjonsrett over inntente midlar. Som starthjelp fekk eininga 30 000 kr. I starten fekk eininga naudsynt, brukt utstyr frå andre avdelingar, eller fekk dei låne frå andre. Etter iherdig frå personalet, og gode takstar på tenestane, fekk eininga god inntening slik at dei etter kvart kunne investere i moderne utstyr og apparat.
|
| Det første barnet som følgje av prøverør kom i 1988. |
Etter kvart kom fleire og fleire barn til verda som følgje av hjelp frå eininga. Det kom og tvillingar, fleire sett med trillingar og eitt sett firlingar. Mange av fleirlingsvangerskapane skuldast at det dei første åra blei satt inn fleire befrukta egg, gjerne to til tre om gangen. Ein periode blei det også sett inn egg i to omgangar, gjerne to ein dag og så to den påfølgande dag.
Kvinneklinikken etablerer eigen sengepost for kvinner med underlivskreft
Kvinneklinikken har arbeidd og arbeidar systematisk for å auke kompetansen innan behandling hos kvinner med underlivskreft. Klinikken har regionsansvar for kvinner med kreft i underlivet.
|
| 1982: Sjukepleiarane blanda cytostatika på medisinrommet ved sengeposten |