For første gong har Medisinsk fødselsregister i desember 2010 publisert tal knytt til svangerskaps- og fødselsomsorg etter fødeinstitusjon.
Her er nærare informasjon knytt til statistikken som gjeld Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus.
Kvinneklinikken (KK) på Haukeland er ein av Norden sine største spesialavdelingar for fødselshjelp og kvinnesjukdommar. Fødselstalet ved KK har dei seinare åra lege på over 5000. Berre Oslo universitetssykehus har fleire fødslar.
Forløysing
keisarsnitt, tang, vakuum og seteleie
Dei siste åra har Kvinneklinikken hatt ein noko annleis profil for forløysing enn andre store fødeavdelingar i Noreg. Desse forskjellane skal ikkje gjerast større enn dei er, likskapane i norsk fødselshjelp er større enn forskjellane.
I følgje statistikken frå Medisinsk fødselsregister (MFR) har for eksempel KK eit vesentleg lågare tal keisarsnitt samanlikna med andre store avdelingar. KK har også fleire barn forløyst med tang enn med vakuum.
Grunnen til dette er at vi meiner det er viktig å beherske begge forløysingsinstrumenta. Målet er å unngå keisarsnitt mot slutten av fødselen som er forbunde med stor risiko for komplikasjonar hos mor.
Kvinneklinikken har også eit høgare tal kvinner som føder barn frå seteleie vaginalt. Her følgjer vi nasjonale anbefalingar med grundig utveljing.
Grunnlaget for ein slik praksis når det gjeld forløysing er ein svært erfaren og solid jordmorstab, i tillegg har klinikken legespesialistar til stades døgnet rundt. Ytterlegare ein svært erfaren spesialist kan kallast inn etter kl. 22.00.
Det blir også drive ei kontinuerleg praktisk opplæring i fødselshjelp med mange timars obligatorisk kurs, og ei kontinuerleg evaluering.
Fleire svangerskap går til 42 veker
Overtid og igangsetjing
Samanlikna med andre store fødeavdelingar i landet, har Kvinneklinikken også eit lågare tal av igangsetjing, og eit høgare tal svangerskap som går til 42 veker. Dette er i samsvar med nasjonale føringar, slik det er kome til uttrykk i metodebok i fødselshjelp 2008.
Frå offentleg diskusjon er ein kjende med at ein del avdelingar har fleire kvinner som blir sette i gang før tida. Kvinneklinikken har gått svært nøye gjennom dei svangerskapa som går til 42 veker, og klinikken har ein dødelegheit her som ikkje er høgare enn ved tidlegare igangsetjing. Dette avspeglar at Kvinneklinikken er i stand til å identifisere dei barna som ikkje har vakse godt nok. Ved overtid er det hos desse barna problemet ligg.
Skadar i mellomkjøttet
Skadar i mellomkjøttet (perineum) er ein alvorleg komplikasjon ved vaginal fødsel. Helsemyndigheitene oppfordra i 2003-04 til å setje fokus på slike skadar for å redusere førekomsten. Haukeland universitetssjukehus har, som andre store sjukehus, redusert førekomsten i desse åra. Frå 4,5 prosent i 2003 til 3,4 prosent i 2008. Blant dei seks største fødeavdelingane i landet ligg KK då som nummer fire.
Kvinneklinikken har hatt fokus på dette i mange år, og arbeider intenst og kontinuerleg for å bli betre. Både praktisk, ved kursing og gjennom forsking. Vi skal halde fram arbeidet for å redusere frekvensen, og skal ta endå meir på alvor individuell opplæring. Kvinneklinikken skal også sjå meir til andre sjukehus med lågare frekvens. Når andre kan gjere det betre, kan vi det også.
Barna blir vurdert ved fødselen
Ved fødselen vurderer vi korleis barnet har det. Dels tradisjonelt ved apgar score, der har klinikken den same høge score som dei andre store universitetsklinikkane i Noreg. Dels blir det også vurdert ved at vi måler kort ”surt” barnet sitt blod er når det er født. Vi har ein låg frekvens av ”surt” blod, som er eit uttrykk for at barna har det godt.
Vi overflytter færre barn til barneavdeling enn andre store, norske avdelingar, men det skuldast også lokale forskjellar i arbeidsfordeling mellom barsel/nyfødteiningar.
Forsking, undervisning og pasientbehandling
Kvinneklinikken er ei universitetsavdeling knytt til Universitetet i Bergen med viktige oppgåver innan forsking, undervisning og pasientbehandling. Det går føre seg vesentleg grunn- og vidareutdanning ved klinikken for fleire kategoriar helsepersonell. Mange av klinikken sine tilsette sit i fagstyre og utval knytt til forsking og fagutvikling på nasjonalt og internasjonalt plan. Dei deltar òg i undervisning på arenaer utanfor Kvinneklinikken og Universitetet i Bergen. Klinikken held til i den opphavlege bygningen frå 1926, der det seinare er gjennomført ei rekkje om- og tilbyggingar. Bygget ber preg av at det er meir enn 80 år gamalt, på godt og vondt.
Fødeseksjonen
Fødeseksjonen består av to fødeeiningar, Føden og Storken, ein observasjonspost for gravide, barseleiningar og ein dagpoliklinikk for gravide. Det føreligg skriftlege kriterium for kven som kan føde på Storken. Det blir dessutan drive desentralisert poliklinikk ved så å seie alle einingar. Det daglege samarbeidet med Seksjon for fostermedisin er ein føresetnad for ei god oppfølging og overvaking av risikosvangerskap. Samarbeidet med Barneklinikken er tett.
Publisert
22.12.2010 11:19 |
Endret
19.11.2012 11:48