Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) er eit lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne.
Vi yt spesialisthelsetenester til befolkninga i bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda i Bergen kommune. I desse bydelane bur det til saman 86.100 menneske over 18 år (2013).
DPS skal bidra til at menneske med psykiske lidingar kan leve eit normalt liv preget av deltaking, uavhengighet og meistring.
Kronstad DPS er eit moderne lokalsjukehus lokalisert i nybygg på Danmarksplass. Tenestetilbodet vert tilbydd primært på dagtid/ettermiddag og omfattar poliklinikk, dagbehandling og oppsøkjande team. Vi har og døgnbehandling og brukarstyrte sengjar.
Tenestetilbodet i Kronstad DPS
Behandlingstilbodet omfattar både akutt og planlagt behandling, hovudsakleg etter tilvising frå fastlege. Kronstad DPS har som målsetjing å tilby behandling på rett nivå.
Poliklinikk: Ulike former for behandling som skjer individuelt eller i gruppe.
Dagbehandling: Utvida behandlingstilbod på dag/ettermiddag som er basert på grupper, men også individuell oppfylgjing.
Ambulante tenester: Oppsøkjande verksemd der behandling skjer i heimen eller på anna avtalt stad.
Døgnbehandling: Individuelt tilpassa opphald med avgrensa og målretta behandling.
Andre tenester: Vi tilbyr også tenester frå sosionom, ergoterapeut, uttrykksterapeut, fysioterapeut og prest.