Opplæring 

 
Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) har ulike typar opplærings- og oppfølgingstilbod til pasientar og pårørande, frå enkeltståande timar til kurs. Nokon av tilboda er for bestemte pasientgrupper med tilvising og påmelding, andre tilbod er opne. 
 

Tilboda går føre seg ved Kreftsenter for opplæring og rehabilitering sitt undervisingsrom. Fysisk aktivitet skjer i treningsrommet til Pusterommet. Tilboda blir som regel gitt som gruppeundervising. I enkelte tilbod oppfordras pårørande å delta, enten det gjeld kurs eller opplæring. Pårørande blir bestemt av pasienten sjølv, og kan til dømes være ektefelle, sambuar, foreldre, barn (eldre enn 18 år), ven, venninne eller tante.

Kursleiarar, forelesarar og rettleiarar som deltek i kurs og opplæring er tilsette ved Kreftavdelinga eller andre avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus. Dette er til dømes sjukepleiarar, legar, helse- og treningsterapeutar, fysikarar, stråleterapeutar, sosionomar med fleire. 

Kreftavdelinga sitt opplærings- og oppfølgingstilbod blir sakte, men sikkert utvida med tilgjengelege ressursar. Avdelinga samarbeider blant anna med pasientforeiningane, og mange innspel på tema, opplærings- og oppfølgingsform kjem frå pasientforeiningane, enkeltpasientar og pårørande. Har du ynskjer, behov eller idear, høyrer me gjerne frå deg!
 
 
Kreftavdelinga sitt opplæringstilbod:


Publisert 09.06.2010 13:47 | Endret 05.04.2013 10:13 

 Kontakt oss

Inger Thormodsen
Senterleiar
Tlf 55 97 39 17

Guri Brekke
Leiar for fysisk aktivitet
Tlf 55 97 74 78

Tor Helge Wiestad
Helse- og treningsrådgjevar
Tlf 55 97 75 26

Renate Jørgensen
Helse- og treningsrådgjevar
Tlf 55 97 74 78

Ingrid Bernath
Opplæringskonsulent, stråleterapeut
Tlf 55 97 74 77

Anne Kristin Dobbe
Spesialist i sexologisk rådgivning, NACS

e-post:
kor@helse-bergen.no

Postadresse
Kreftsenter for opplæring og rehabilitering/Pusterommet
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk
Haukeland universitetssjukehus
5021 Bergen

Besøksadresse
Kreftsenter for opplæring og rehabilitering/Pusterommet
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk
U. etg i Sentralblokken,
Inngang via Parkbygget eller Sentralblokken

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo