Pasientjournal 

 
Pasientar har som hovudregel rett til innsyn i eigen journal med bilag. På same måte kan pasientar få ut logg frå journalen sin.
 
Innsyn i eigen journal:

Ønskjer du å lese journalen din, eventuelt saman med lege/ sjukepleiar, kan du ta dette opp med behandlingsansvarleg lege eller seksjonsleiar på eininga.

Ønskjer du utskrift av journalen din er framgangsmåten slik:

Du må sende/ levere ein skriftleg, signert førespurnad og be om innsyn i/ kopi av journalen. Denne kan leverast/ sendast til Haukeland universitetssjukehus (Framgangsmåte finn du HER ) eller direkte til Kreftavdelinga som vil vidareformidle førespurnaden.

Næraste pårørande sin rett til innsyn i journalen er avgrensa av pasienten sitt samtykke.

Utskrift av journalen kostar p.t. kr 85.-

Logg frå eigen journal:
Helse Bergen gir pasientar full tilgang på loggar som viser kor ofte og kven som har gjort oppslag på dei. Dette for å gi mulegheiter til å sjå kven som gjer oppslag i pasientjournalar.

Framgangsmåte finn du HER.

Publisert 09.06.2010 13:11 | Endret 20.09.2012 15:24 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo