Klinisk forskingspost vaksne (KFPV) er lokalisert i Sentralblokkens 2. etasje. Posten er spesielt utforma for å gjennomføre tidlegfase utprøvning av nye legemiddel og medisinsk teknologi. Posten flytta inn i nye lokaler i april 2011.
Forskingsposten består av eit poliklinikkrom med behandlingsstolar og eit pasientrom med tre sengeplassar med tilhørande skyljerom/bad. Romma er godt utrusta med monitoreringsutstyr. Posten har også eit servicerom med arbeidsplassar og kjøkken. Frå servicerommet er det vindauge som gir moglegheit for innsyn både til poliklinikkrommet og pasientrommet. Eit godt utrusta laboratorium er også knytt til posten.
Det er ein lege og fire sjukepleiarar knytte til posten. Kjernestaben kan på dagtid nyttast til gjennomføring av studiar
Vil du vere forsøksperson?
Publisert
04.11.2010 10:56 |
Endret
05.01.2012 14:23