Kompetansesenteret er tillagt følgjande oppgåver:
• Drive forsking og fagutvikling
• Ta ansvar for undervisning og opplæring, både ovanfor andre sjukehus og primærhelsetenesta
• Vere pådrivar og koordinator for ein prosess som fører til at kompetansen innan lindrande behandling og pleie blir styrka i fylke og kommunar
Kva kan vi brukast til?
• Råd og rettleiing om lindrande behandling
• Kurs og undervisning til helsepersonell
• Oversikt over kva som skjer innan lindrande behandling i Helseregion vest
• Informasjon om aktuelle institusjonar og tiltak i regionen
• Bistand til planarbeid
• Oversikt over kurs og utdanningstilbod innan lindrande behandling
• Informasjon om aktuelle forskings- og fagutviklingsprosjekt
• Informasjon om lindrande behandling nasjonalt og internasjonalt
• Kontaktar i Helseregion vest, nasjonalt og internasjonalt
Kompetansesenteret si målsetjing:
KLB skal fremme palliasjon i heile Helseregion vest ved å styrkje kompetanse bygd på eit heilskapleg menneskesyn og gode fagkunnskapar.
Dette skal skje gjennom å
• fremme klinisk arbeid i palliasjon på alle nivå
• fremme forsking og fagutvikling
• fremme organiseringa av eit heilskapleg tenestetilbod
• fremme etisk refleksjon
• auke kunnskapen om palliasjon i befolkninga generelt
Arbeidet i KLB skal vere prega av kompetanse, respekt og engasjement.
Publisert
16.06.2010 14:45 |
Endret
22.03.2011 11:14