Kjevekirurgisk poliklinikk 

 
Kjevekirurgisk poliklinikk behandlar rundt 5000 pasientar i året, inkludert vaksne og barn.
Eininga har ein poliklinikk, med undersøkings- og operasjonsrom, samt ein tannklinikk.
 

Her skjer utgreiing og behandling av sjukdommar og skadar i munn, tenner og kjever.
Vi tar også imot tilviste pasientar i sjukehuset som treng vurdering av tannstatus med spørsmål om infeksjonsfokus. Dette er aktuelt i samband med utgreiing for hjarteoperasjon, høgdosebehandling med kjemoterapi og/eller organtransplantasjonar.

På operasjonsstuene gjerast ulike inngrep på tenner, slimhinner og kjever med lokalbedøving. Eventuelt kan ein etter vurdering og få tilbod om beroligande.
I tillegg utførast operasjonar i narkose.

Vanlege problemstillingar i poliklinikken: 

  • Visdomstenner
  • Rotrestar
  • Tannimplantatbehandling for fast forankring av tenner
  • Godarta svulstar og cystiske prosessar i munn og kjeve
  • Akutte og kroniske infeksjonstiltandar
  • Slimhinnesjukdommar
  • Kjeveleddsplagar
  • Kjevestillingsavvik med over-/under bitt, eller opne bitt 
  • Brot i tenner, kjeve- og ansikt
  • Sårskadar i munn og leppe

Pasientane våre treng alt fra enkel behandling med få besøk til meir krevjande og omfattande behandling med lengre oppfølging.

Hos oss abeidar oral/kjevekirurgar, tannlegar, operasjonssjukepleiarar, sjukepleiarar, onkologisk sjukepleiar,  hjelpepleiar, sekretærar, tannpleiarar og tannhelsesekretærar.

Vi samarbeidar med ulike avdelingar på sjukehuset, og har eit tett samarbeid med dei andre einingane i klinikken som vi er ein del av. 


Publisert 03.06.2010 20:09 | Endret 13.02.2014 13:40 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Telefon 05300
Besøksadresse: Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Postadresse: Postboks 1400, 5021 Bergen
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga
Facebook  Twitter Flickr  YouTube Instagram