Hopp over navigasjonskoblinger.

Jobbfast 


Jobbfast er ein forskingspoliklinikk for traume og psykososiale belastningar i arbeidslivet. Pilotperiode frå hausten 2011.

Mål med Jobbfast:

  • Utgreie, behandle og rehabilitere menneske med redusert helse som følge av konflikter, mobbing, seksuell trakassering eller varsling i arbeidslivet.
  • Forsking knytta til poliklinikken skal gi kunnskap om kva som skal til for at desse pasientane får betre helse og står lenger i arbeidslivet.

Prøveperiode fram til påske 2012 for 15 pasientar

  • Det blir tatt inn ein pasient per veke, totalt 15 pasientar, som får eit utregreiings- og rehabiliteringstilbod som strekkjer seg over tre dagar
  • Ein tilbakemeldingssamtale med tilvisande lege etter desse dagene er viktig.

Sjå innslag om Jobbfast på NRK Førkveld frå 22.9.2011
Innslaget om Jobbfast startar etter ca 13 minutt og 30 sekund.



Kontakt oss
Telefon 55 97 82 45



Innhald i dagane ved Jobbfast

  • Pasienten møter eit tverrfagleg team av legar (forskjellige spesialistar), psykolog, fysioterapeut og arbeidskonsulent
  • Det blir samtalar, utfylling av spørjeskjema og klinisk undersøking av pasienten
  • Pasienten skriv ei såkalla narrativ eigenforteljing. 
  • Det blir undervisning og samtale om belastninga i arbeidslivet som pasienten er tilvist for, og om rettigheiter og plikter i arbeidslivet.

Vi oppsummerer funn og vurderingar saman med pasienten saman med eventuelle pårørande og drøftar mulige tiltak vidare.

Oppsummeringa blir presentert og tiltaka drøfta i oppfølgingsmøtet med tilvisande lege.

Foto av Seljeknoppar.

Nytteverdi

  • God behandling er at pasienten får fortelje si historie og får sette den i samanheng. Dette oppnår vi både ved utgreiing, eigenforteljing, undervisning og samtale.
  • I et samarbeid med pasienten og tilvisande lege er målet at pasienten kan vere yrkesaktiv. Jobbfast vil gi konkrete innspel i den samanhengen.  

Tilvisinga frå lege

Tilvisinga skal kome frå bedrifts- eller allmennlege med avklart oppfølgingsansvar for pasienten.

Kriterium i tilvisinga:

  • Pasientar med redusert helse som følgje av konflikter, mobbing, seksuell trakassering eller varsling i arbeidslivet.
  • Tilvisande lege må forplikte seg til ein
    oppfølgingssamtale per telefon der pasienten er hos
    legen etter utgreiinga på sjukehuset.
  • Det er ikkje eit krav om at pasienten skal være sjukemeld.
  • Uavhengig desse kriteria bør bedriftslege vurdere bedriftsinterne tiltak.

Jobbfast er ennå ikkje eit etablert behandlingstilbod, kun i pilotperiode enno. Det kjem derfor ikkje inn under pasientrettigheitslova når det gjeld juridisk bindande tidsfrist for oppstart behandling/utgreiing.

Prosjektplan for Jobbfast

Prosjektleiar Jobbfast
Nils Magerøy, telefon 55 97 82 45
Yrkesmedisinsk avdeling
Haukeland universitetssjukehus



Publisert 03.08.2011 11:39 | Endret 17.02.2012 12:31 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo